Job Description

Published 27-06-2024
Deadline: 21-07-2024

 

Fast stilling som Miljøterapeut Lindevika butenesta

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. 

Om stillinga

Miljøarbeidartenesta i Austevoll kommune har ledig fast 100 % stilling for deg med relevant høgskuleutdanning. 

Stillinga er knytta til Lindevika buteneste.

Vi tilbyr årsturnus der ein i stor grad kan påverke korleis ein vil legge opp turnusen sin. Vi tilbyr arbeid kvar fjerde helg med langvakter eller arbeid kvar tredje helg med korte vakter.

Miljøterapeutane har avsatt fagadministrativ tid i turnus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktiviteter tilpassa den einskilde sitt behov 
  • Målretta miljøarbeid og burettleiing 
  • Medisinadministrasjon dersom du har helsefagleg kompetanse 
  • Sørga for at tenestemottakarane får tenester med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak 
  • Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet. 
  • Koordinere tenester ovanfor tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid medtenestemottakarar,pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser. 
  • Rettleiingsoppgåver mot pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar 
  • Vi søkjer ein engasjert medarbeider som vil vere med å videreutvikle tenester 
  • Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør 

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Helse – og sosialfagleg bachelorutdanning. 
  • Andre med relevant helsefagleg utdanning, pedagogisk, sosialfagleg utdaning eller under vernepleierutdanning kan bli vurdert.
  • Arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne

Personlege eigenskapar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ynskjeleg 
  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar 
  • Gode evner til samarbeid med andre. 
  • Positiv og inkluderande. ein person som ynskjer å dele sin kunnskap med andre. 
  • Førarkort for personbil

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka “Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 976973860
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 2 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ad84f940-4c69-44a8-9413-11c86ba95bcf
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265204