Fast stilling som fagbioingeniør med nestleiarfunksjon ved Seksjon for automatiserte analysar – Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Health and social care Bioingeniør(13 hours ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024
Fast stilling som fagbioingeniør med nestleiarfunksjon ved Seksjon for automatiserte analysar
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har meir enn 300 tilsette. MBF har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar. Avdelinga har også tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).
Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Seksjon for automatiserte analysar har ansvar for avdelinga sine store automatiserte analyseinstrument som er i drift heile døgeret. Analyserepertoaret er breitt både innan medisinsk biokjemiske analysar og lege- og rusmiddelanalysar. Seksjonen har 27 medarbeidarar, inkludert fagstillingar med ulike funksjonar/fagområde. Det blir årleg analysert ca. 6 millionar analysar, dette er prøvar både frå sjukehuset sine pasientar og frå primærhelsetenesta.
Frå 03.02.2025 blir det ledig fast stilling som fagbioingeniør med nestleiarfunksjon ved seksjonen.
Nestleiarfunksjonen kan også søkjast av andre fagbioingeniørar som allereie er tilsett ved seksjonen. Stilling som fagbioingeniør kan søkjast på uavhengig av nestleiarfunksjon.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inngår i eit team av fire fagansvarlege bioingeniørar som deler oppgåvene knytta til oppfølgning av analysane ved seksjonen
- Den som blir tilsett må tileigne seg god kunnskap om instrumenta og analysane
- Stillinga vil i utgangspunktet vere knytta til lege- og rusmiddelanalysar på Thermofisher Indiko Plus og Cobas8000, men man må også opparbeide kunnskap om dei andre analysane knytta til Cobas8000
- Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll for lege- og rusmidlar, i tillegg til innkøyring og verifisering av analytiske endringar
- Opplæring og oppfølging av tilsette på seksjonen
- Oversikt over reagensforbuk og bestillingar knytta til Thermofisher Indiko Plus
- Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen
- Delta på jevnlige møte med seksjonslegar
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør med høveleg bakgrunn og minst to år med erfaring frå tilsvarande laboratorium
- Det er ein fordel med erfaring med tilsvarande instrumentering og mellomvare som nyttast på seksjonen, Cobas Infinity.
- Må ha interesse og forståing for analysemetodar og klinikk
- Søkar må ha god datakunnskap og tallforståing
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- For nestleiarfunksjon er det ønskeleg med tre års erfaring frå arbeid i laboratorium
- Fordel med erfaring med metodeverifisering/validering
Personlege eigenskapar
- Evne til både lagarbeid og sjølvstending arbeid
- Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
- Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
- Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Gode gjennomføringsevner
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
- Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Grundig opplæring og innføring i oppgåvene vil bli gitt
- Fagstillinga med nestleiarfunksjon er ei dagstilling utan vakter. Søker ein kun på fagstilling er det i utgangspunktet ei dagstilling, men med høve for noko vaktarbeid
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Haugstad, Seksjonsleiar, 55973143, solveig.haugstad@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 49
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4885890704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Bioingeniør |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 49 Postnr: 5009) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 04-12-2024 |