Job Description

Published 13-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Fast stilling på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Har DU lyst på nye utfordringar?  Er du student innan helsefag?

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Vi har ledig tre 17% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp pasientar sin behandlingsplan
  • Bygge relasjonar til pasientane
  • Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
  • Praktiske oppgåver
  • Ansvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)

Kvalifikasjonar

  • Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke
  • Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Vi ønsker medarbeidarar som:

  • har respekt for kvar enkelt pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
  • ønsker og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr deg:

  • Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar
  • Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.                   
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.   

Kontaktinformasjon

Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530
Nora Kjerpeseth Kvellestad, Assisterande seksjonsleiar, 55958734

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4872511714
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S3, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d4101b77-b06b-4357-9795-fb4929e12394
IMPORTAPI