Fast stilling for psykologspesialist – Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU Ytrebygda, Helse Bergen
Health and social care Psykolog(4 weeks ago)
Job Description
Published 30-10-2024
Deadline: 29-11-2024
Fast stilling for psykologspesialist
Ved BUP Ytrebygda er det ledig 100% fast stilling for psykologspesialist (eventuelt psykolog med relevant erfaring).
BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, og Bjørnafjorden kommune. Poliklinikken har ca. 25 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. BUP Ytrebygda er kjend for å ha eit godt og stabilt arbeidsmiljø med mange erfarne spesialistar. Vi har to tverrfaglege team som dekker kvart sitt geografiske område. Dette gjer at alle får brei erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar hos barn og ungdom i heile aldersspekteret. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som psykolog i Noreg, og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
- Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, helsesjukepleiar, barnevernstenester og barnehagar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
- Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteam
Kvalifikasjonar
- Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg, fortrinnsvis NPF-godkjend spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
- God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
- Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
- Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Delvis fleksibel arbeidstid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, 55978000
Arbeidsstad
Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4879613970
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 29.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU Ytrebygda, Helse Bergen orgnr: 980841804 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykolog |
Sted | NESTTUN (Adresse: Østre Nesttunvegen 20 Postnr: 5221) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 29-11-2024 |