Fast stilling barnehagelærer – Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune

Education Førskolelærer

(5 hours ago)

  • TENNFJORD
  •  Post Date: 10. October 2024
  •  Expire date: 25. October 2024
Job Description

Published 10-10-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Fast stilling barnehagelærer

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 74 barn og 22 tilsette, fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Hos oss er gode heilskaplege tenester i fokus og vi jobber på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.

I barnehagen vår spelar vi kvarandre gode og søker deg som er aktiv, leiken, fagleg, engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst? Da ynskjer vi at akkurat du skal søke på ei stilling hos oss.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.”

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med fokus på å gje gode heilskaplege tenester. Vi skal derfor jobbe for å spele kvarandre gode og arbeide fleksibelt på tvers av tenester. 

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avd./ base, i tråd med ramme – og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
  • Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet.
  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til.

Kvalifikasjonar

For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Søkar må vidare:

  • Levere oppdatert politiattest
  • Jobbe i tråd med barnehagelova
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 18b.
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
  • Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
  • Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
  • Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som ellers skjer på eigen arbeidsplass
  • Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøter, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus 
  • Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
  • Vere ein god rollemodell
  • Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og voksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven
  • Sikre barns rett til medverknad og involvering 

Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gro O. Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 18
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4867364468
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 25.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted TENNFJORD (Adresse: Trolldalssletta 18 Postnr: 6264)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e1f531cf-bb10-4215-a510-d0bcae34e147
IMPORTAPI