Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Fast 100% undervisningsstilling i idrettsfag

100% fast undervisningsstilling innan idrettsfag

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ein idrettslærar som har brei undervisningskompetanse i alle idrettsfaga, samt kroppsøving. Det er pårekneleg å bli tildelt rolla som kontaktlærar.  Aktuelle undervisningsfag innan idrettsfag er treningslære, aktivitetslære, idrett og samfunn, treningsleiing, breiddeidrett og/eller toppidrett. 
Fag- og timefordeling mellom kroppsøving og idrettsfag kan variere frå år til år.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha utdanning på minimum bachelornivå, med undervisningskompetanse i idrettsfag og kroppsøving.
Har PPU.
Det er ein fordel med brei fagleg og erfaringsmessig bakgrunn, helst frå fleire idrettar.

Personlege eigenskapar

Er nyskapande, fleksibel og kan samhandle.
Har høge ambisjonar på vegne av elevane, god formidlingsevne og eit positivt elevsyn.
Er ein tydeleg leiar i klasserommet og evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Er utviklingsorientert og initiativrik.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
 

Vi tilbyr

Introduksjonsprogram.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK).
Løn etter tariff.
 
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Margaret Alme, Rektor, 95839744
Bård Ringstad, Avdelingsleiar, 93040441

Arbeidsstad

Holsekerdalen 180
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4881582363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.

Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

 Om skulen (ulstein.vgs.no)

SKULEBYGG
Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.

KLASSETAL/ELEVTAL
Skulen skal for skuleåret 2024-2025 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 3 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 TPO klasse. Dette utgjer om lag 560 elevar.

SKULEDAGEN
Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Timeplanen vår er slik at vi har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen vil variere frå veke til veke – dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.

Webside https://ulstein.vgs.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Holsekerdalen 180 Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4e3165e7-1885-4763-90da-f7bb7e40aca3
IMPORTAPI