Fast 100% stilling som Fagarbeidar/Miljørettleiar på Vangen skule – Voss herad Vangen skule
Health and social care Miljøarbeidere(6 days ago)
Job Description
Published 17-11-2024
Deadline: 05-12-2024
Fast 100% stilling som Fagarbeidar/Miljørettleiar på Vangen skule
Vangen skule har ledig ei fast stilling og eit vikariat opp til 100% stilling som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent frå 1. januar 2025 eller etter avtale. Vikariatet er til 1. september 2025 med moglegheit for forlenging.
Tilsetting er snarast, og kan verte gjort i utlysningsperioden.
Om arbeidsstaden
Vangen skule er ein 1.-7. skule som ligg i sentrum av Voss og har omlag 235 elevar og 100 born på SFO. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- arbeidsoppgåvene vil i størst grad vera knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av born i undervisning, aktivitet og leik
- samarbeide i team om oppfylging av born/elevar som har utfordringar innan autismespekteret
Kvalifikasjonar
- fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning
- anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Me ynskjer:
- at du har utdanning/arbeidserfaring innan autisimespekteret.
- deg som tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
- deg som er engasjert og positiv
- deg som er ein tydleg vaksen overfor borna, samt ein god rollemodell som bygger gode relasjonar, lyttar og ser deira behov
- deg som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO