Job Description

Published 29-09-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Fagutviklingssjukepleiar

Hjarteavdelinga er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Behandlingsmetodar er i stadig utvikling og forskingsaktiviteten er høg.

MIO har 10 sengeplassar og er ei eining med høg kompetanse på sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar. Det blir årleg behandla ca. 500 intensivpasientar og 1000 overvakingspasientar. 

Ved MIO ønsker vi å styrke den sjukepleiefaglege utviklinga og søker intensivsjukepleiar i 50% stilling som fagutviklingssjukepleiar kombinert med 50% stilling som intensivsjukepleiar i todelt turnus på MIO. 

Arbeidsoppgåver

  • Undervise og iverksette simuleringstrening innanfor intensivbehandling
  • Utarbeide og revidere gjeldande prosedyrar
  • Vere pådrivar til kvalitetsforbetring og delta i aktuelle forskingprosjekt ved avdelinga 
  • Samarbeid i tverrfagleg team og vere ein fagleg ressurs

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie
  • Masterutdanning innanfor relevant fagområde
  • Minimum 2 års relevant sjukehuserfaring og erfaring frå hjarteavdeling er ein fordel
  • Erfaring frå utvikling av rutinar, prosedyrar og  kvalitetssikring av dokumentasjon
  • God IKT-kompetanse
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg  

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
  • Evne til godt samarbeid
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team, eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
  • Trivast med kunnskapsformidling

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å utvikle seg personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • 2 delt turnus og arbeid hver 4 helg


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Anne Åshild Herdlevær, Seksjonsleiar, 55973662
Karianne Dale Jensen, Ass. seksjonsleiar, 55973660

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4855943661
Stillingsprosent: 100%
Fast

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk intensiv og overvakingsavdeling (MIO), Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0e10dd90-8d3e-486a-a0b6-1ff519ab2991
IMPORTAPI