Fagleiar – Luster kommune Grandmo miljøteneste
Kontor og økonomi Ledelse, administrasjon og rådgivning(14 hours ago)
Job Description
Published 19-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Fagleiar
Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i omsorgsbustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire nye brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 82 tilsette. Med grunnlag i den store auken har ein vurdert organiseringa, og det er konkludert med ei inndeling i to team – med fagleiar som leiar for kvart team.
Me søkjer no motivert leiar til eit av teama.
Stillingsinformasjon:
- Grandmo miljøteneste har ledig 100% fast stilling som fagleiar
Hovudoppgåver:
- Fagleg oppfølging og fagutvikling
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
- Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
- Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå
- Relevant praksis/arbeidserfaring
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evna til samarbeid, fleksibilitet, arbeidskapasitet og struktur
- Det vert stilt krav om politiattest
Kommunen kan tilby:
- Arbeid i ein veldrive kommune med gode- og sikre rammevilkår
- Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
- Varierte-, utfordrande- og meiningsfulle oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO