Fagleiar bibliotek – Kultur, Stad kommune

Carpenters Vaktmester

(2 days ago)

  • NORDFJORDEID
  •  Post Date: 6. January 2025
  •  Expire date: 2. February 2025
Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 02-02-2025

 

Fagleiar bibliotek

Stad kommune har ledig 100% fast stilling som fagleiar for bibliotek med oppstart 01.05.2025.

Som fagleiar for bibliotektenestene i Stad kommune er du ein del av kultursjefen si fagleiargruppe. Kultursjefen har personal-og økonomiansvar for biblioteket.

Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger. Hovudbiblioteket er samlokalisert med Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule, og er eit kombinasjonsbibliotek beståande av folkebibliotek og skuleboksamling for Eid VGS. 

Oppmøtestad er Nordfjordeid.

Arbeidsoppgåver

Som fagleiar for bibliotektenestene i Stad kommune har du det faglege ansvaret for å leie og utvikle Stad bibliotek som arena og samling i samsvar med Lov om folkebibliotek.

  • Du skal utvikle biblioteket som eit moderne bibliotek, demokratisk institusjon og relevant møteplass for lokalsamfunnet.
  • Du skal planlegge og organisere arbeidet effektivt i samarbeid med dei tilsette.  
  • Du har ansvar for planlegging, booking og gjennomføring av arrangement.
  • Du skal aktivt søkje ekstern finansiering for å kunne tilby eit breidt og variert spekter av tilbod og tenester til innbyggjarane.
  • Du har ansvar for Eid vidaregåande skule sitt læremiddelbibliotek og digitale læringssressursar. Vestland fylke refunderer biblioteket for dette arbeidet.
  • Du har ansvar for å aktivt samskape med kommunale avdelingar, frivillige lag og organisasjonar, fylkeskommune og andre for å utvikle tilboda og levere gode tenester.
  • Reising til avdelingar og filialar, samt møter, seminar og skulebesøk må påreknast.
  • Du inngår i biblioteket si vaktordning.

    Kvalifikasjonar

    Utdanning:

    • Bachelor- eller høgare grad med minst 120 studiepoeng i bibliotekspesifikke fag.
    • Bachelor- eller høgare grad med minst 60 studiepoeng i bibliotekspesifikk påbygging.
    • Tilsvarande utdanning.

    Erfaring og kunnskap:

    • Erfaring frå biblioteks- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel. 
    • Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel. 
    • Erfaring med marknadsføring og sosiale medium er ein fordel
    • Gode munnleg og skriftleg kunnskapar i norsk og god formidlingsevne
    • Du må ha gode IT-kunnskapar.
    • Du må ha førarkort klasse B.

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein positiv og raus lagspelar, som evnar å leie og motivere teamet ditt.
    • Du er utadvendt og serviceinnstilt. 
    • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.
    • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk.
    • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt.
    • Du er utviklingsorientert og endringsvillig.
    • Du har gode litteraturkunnskapar og formidlingsevner.
    • Personleg egnethet vektleggast.

    Vi tilbyr

    • Eit bibliotek i utvikling.
    • Eit aktivt kulturkollegie med operahus, kino, kulturskule, frivilligsentralar og kulturarv.
    • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag.
    • Løn etter tariff.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
    Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

    Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Geir Holmen, tlf. 907 79 933. 

    Kontaktinformasjon

    Geir Holmen, einingsleiar kultur, 907 79 933, geir.holmen@stad.kommune.no

    Arbeidsstad

    Sophus Lie-vegen 3
    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 4884891635
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 02.02.2025

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Kultur, Stad kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    https://www.nordfjord.no/stad

    https://www.einstadistad.no/

    Webside http://www.stad.kommune.no
    Bransje Håndverkere
    Yrke Vaktmester
    Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sophus Lie-vegen 3 Postnr: 6770)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 02-02-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c1ab526f-d097-40a8-8b5b-1675dfb1cd74
    IMPORTAPI