Faglærar elektrofag – Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Education Videregående skole(5 days ago)
Job Description
Published 12-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Faglærar elektrofag
Ørsta vidaregåande skule har ledig 100% lærarstilling innan automasjon-/elektrofag. Vi søker deg som har engasjement for faget ditt, og som ynskjer legge til rette for at det vert utdanna nye fagpersonar. Det er viktig at du likar å arbeide med menneske, og å legge til rette for ungdomar si læring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning innan elektrofag. Vi søker etter kompetanse innan automasjon, men det kan også vere aktuelt med annan elektrofagleg bakgrunn. Ved Ørsta vidaregåande skule har vi vg1 tilbod innan Elektro/datateknologi, vg2 tilbod innan Automatisering og Elenergi/ekom, og vg3 tilbod innan Automasjon. Kompetanse til den som vert tilsett vil avgjere kva område som er mest aktuelt. Om du er kvalifisert i andre fag kan det også bli aktuelt med undervisning på andre avdelingar.
Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan elektro, som den som blir tilsett vil bli ein del av. Skulen er opptatt av at alle elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, og utvikle seg som fagpersonar innan aktuelle yrkesfaglege område. Det å tilrette for eleven si utvikling og læring opplever vi som eit meiningsfullt og gjevande arbeid. Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har pedagogisk utdanning, relevant fagbrev og utdanning på fag- eller høgskulenivå med kompetanse innan til dømes:
Pneumatikk, hydraulikk, elektroinstallasjon, belysning/varme, dimensjonering, fordelingsanlegg/tavler, industriell datakommunikasjon, byggautomasjon, alarmsystem, ulik motordrift eller fiber. Erfaring frå fleire av desse områda er ein fordel.
Vi oppmodar likevel deg som manglar høgre utdanning eller manglande pedagogisk utdanning om å søke. Vi tilbyr gode ordningar for vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig, og ha gode
samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen, som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar.
Vi tilbyr
– Stor satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling
– Eit spennande, godt og variert arbeidsmiljø som du blir ein del av, med faglege og personlege utfordringar
– Medlemskap i SPK
– Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Per Tore Måen, Avdelingsleiar Elektro, +47 95418071
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Arbeidsstad
Holmegata 14
6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4876721541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 974576597 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skulen (orsta.vgs.no) Vi er rundt 300 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. |
Webside | https://orsta.vgs.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Videregående skole |
Sted | ØRSTA (Adresse: Holmegata 14 Postnr: 6153) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |