Job Description

Published 22-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Fagkonsulent

Har du eit brennande engasjement for dei aller minste borna? Har du lyst til å jobbe med spisskompetanse på dei små?
Senter for foreldre og born, avdeling Stavanger, har ledig en fast 100% stilling som fagkonsulent snarast. 

Senter for foreldre og born har som kjerneoppgåve å bistå kommunale barneverntenester med spesialisert utgreiing i barneverntenesta si undersøking etter Lov om barneverntenester § 2-2, med fokus på foreldre-born samspel, foreldre sin omsorgskompetanse og bornet si fungering. Målgruppa er dei komplekse sakene der det er knytt stor usikkerheit til om foreldra kan gje tilstrekkeleg omsorg. Borna i målgruppa er 0-6 år, med prioritering av 0-3 år. Kompleksitet og stor grad av bekymring fordrar høg barnevernfagleg kompetanse og god vurderingsevne. 
Senteret kan også, ved ledig kapasitet, tilby hjelpetiltak etter Lov om barneverntenester § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheter og å styrke tilknytning mellom foreldre og born.  

Senteret jobbar både heimebasert, dagtilbod og døgnbasert. Tilsette går i turnus, for tida med inntil to seinvakter i veka og arbeid kvar 6.helg. Det er eigne nattevakter og psykologspesialist knytt til avdelinga.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, samarbeid med dyktige fagpersonar og andre senter, samt spennande oppgåver knytt til barnevernslov og nasjonalt standardisert forløp for senter for foreldre og born.

Bufetat region vest er gitt eit nasjonalt ansvar for spisskompetansemiljø for sped- og småborn i risiko for omsorgssvikt (SKM), som er lagt til Senter for foreldre og barn. Senteret i region vest har tre døgnavdelingar for foreldre og born 0-6 år, med 7 plasser i Bergen, 3 i Stavanger og 3 i Førde. 

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe etter standardisert forløp for utgreiing og omsorgsendrande hjelpetiltak i team med andre dyktige og erfarne fagfolk. 
  • Sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av utgreiingsoppgåver og rettleiing. 
  • Ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker og vitne i barnevern og helsenemnd/ tingrett ved behov. 
  • Samarbeide med foreldre, barneverntenester og andre aktuelle samarbeidspartar. 
  • Praktiske oppgåver knytt til senteret. 

Kvalifikasjonar

Det er krav om:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Anna bachelorgrad kan vurderast.
  • 30 studiepoeng relevant vidareutdanning og 4 års erfaring innan barnevernfagleg arbeid, eventuelt 60 studiepoeng relevant vidareutdanning eller mastergrad. 
  • Erfaring frå barnevernfagleg arbeid med vekt på senteret si målgruppe og oppgåver.
  • Førerkort klasse B
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå:
  • Kommunal barnevernteneste med vekt på utgreiing av omsorg for born.
  • Arbeid med spe- og småborn.
  • Sjølvstendig dokumentasjonsarbeid som inneber analyser og vurderingar.
  • Metodikk/verktøy knytt opp mot utgreiingsarbeid med foreldre og spe- og småborn.
  • Observasjonserfaring knytt til barn og samspel foreldre-born.
  • Rettleiingskompetanse.

Personlige eigenskapar

  • God på relasjonsarbeid, også i krevjande kontekstar.
  • Kan jobba målretta og systematisk.
  • God fagleg refleksjon og vurderingsevne.
  • Fleksibilitet og evne til å organisere arbeidet både sjølvstendig og i team.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Har eit positivt engasjement.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 502 300 – 604 900 pr. år (ltr. 50-62).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 584 500 – 667 700 (ltr. 60-68) pr år. 
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 584 500 – 667 700 (ltr. 60-68) pr år.  
  • Me gjer merksam på at sentrale tillegg frå årets lønnsoppgjer enno ikkje er ferdigbehandla i Staten for 2024. 
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Noko høgare løn kan vurderast etter særskilt kompetanse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

Informasjon til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Senter for foreldre og barn i Stavanger.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Kari Alværen, Avdelingsleder, 98 66 30 46, kari.alveren@bufetat.no

Arbeidssted

Torleiv Kvalviks gate 9
4022 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4862062556
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stavanger – Senter for foreldre og barn, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted STAVANGER (Adresse: Torleiv Kvalviks gate 9 Postnr: 4022)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f653b9b0-5df8-47d2-86fa-47e62a18b649
IMPORTAPI