Job Description

Published 24-06-2024
Deadline: 07-07-2024

 

Fagkokk to stillingar

Nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune. I mai 2024 flytta produksjonskjøkkenet inn på det nye sjukehuset.

Vi produserar mat for pasientar og kantiner. Vi har høg grad av eigenproduksjon og tilbyr også mat og drikke til møter og catering for ulike formål.

Produksjonsmetoden er kok-kjøl  og vi  skal ha 1-2-3 som serveringsform på middager. På avdelingskjøkkena skal vi ha matvertar. I tillegg vil vi ha produksjon for ein stor kafe og eigen kiosk som kjøkkenet skal drifte. 

Vi har behov for å styrke bemanninga vår og søkjer difor etter:

  • Fast 100% stilling frå 01.09.2024
  • Vikariat 100% stilling  frå snarast – 31.08.2025

Det er ein hektisk, men også veldig inspirerande arbeidsplass, som du kan vere med på å utvikle framover. Har du lyst til å bli vår kollega og få den unike mogelgheita til å jobbe på eit nytt kjøkken, då er du velkomen som søkjar.

Vitnemål/fagbrev/attestar må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat, diettar, og re-oppvarming
  • Utvikling av nye oppskrifter
  • Varemottak og mottakskontroll
  • Aktivt bruker kjøkkenet sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonane sitt dataverktøy

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skiftleg
  • Må like utfordringar og vere initativrik
  • Må arbeide sjølvstendig og strukturert

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har høg arbeidsmoral og er fleksibel
  • Du likar å arbeide i team
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4831107851
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 07.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974745569
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-midt.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted HJELSET (Adresse: Postnr: 6450)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-09-2024
Søknadsfrist 07-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cbc4079a-f82a-433d-9f51-b7f6216aafef
IMPORTAPI