Fagarbeider/Servicemedarbeider – Service og logistikk avdeling, Haugesund sjukehus
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(18 hours ago)
Job Description
Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Fagarbeider/Servicemedarbeider
Blir du vår nye kollega på Haugesund sjukehus?
Service og logistikkavdelinga ved Haugesund sjukehus har behov for ein ny medarbeidar i et vikariat som strekker seg over sommerferien 2025. Hovudoppgåva vår er å støtta avdelingane på sjukehuset med ulike servicetenester.
Vi søker etter ein ny kollega som kan bli med og styrke laget vårt i ein periode. Hovudoppgåvene dine vil vere å handtere adgangskontroll/ID-kortproduksjon, biladministrasjon, serviceoppgåver knytt til portøreininga, samt å vere ein god støttespelar og ein mogleg stadfortredar for næraste leiar.
Brenn du for service og logistikk, og ønskjer du å bidra til eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer? Då gler vi oss til å bli kjende med deg og kompetansen din.
Stillinga er ein dagstilling, der arbeidstid kan avtalast med aktuell medarbeidar.
🚀 Søk no!
Les gjerne denne artikkelen i Haugesunds Avis om livet som portør!
Arbeidsoppgåver
- Serviceoppgåver
- Biladministrasjon
- Adgangskontroll ( Vi bruker Arx)
- Transportoppgåver
- Avfallshandtering
- Mange varierte arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev ( Portørfag, vekterfag, helsefag)
- Erfaring frå serviceverksemd
- Førarkort kl. B (inkludert manuell gear)
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte.
- har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
- er i god form til fysisk arbeid
- tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
- har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
Personlege eigenskap blir vektlagd
Vi tilbyr
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Jens Ove Hovda, Avdelingsleiar, 95700945, jens.ove.hovda@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4895296454
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Service og logistikk avdeling, Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | 02-01-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |