Fagarbeidarstilling skuleåret 2025/26 – Vågå Ungdomsskule
Utdanning Barnehage- og skolefritidsassistenter(1 week ago)
Job Description
Published 15-04-2025
Deadline: 02-05-2025
Fagarbeidarstilling skuleåret 2025/26
Fagarbeidarstilling skuleåret 2025/2026
Ved Vågå ungdomsskule er det frå 01.08.2025 ledig eit engasjement som barne- og ungdomsarbeidar for skuleåret 2025-2026.
· Stillingsstorleik 74,8%
Denne fagarbeidarstillinga vil i hovudsak bli knytt opp mot eit årssteg, der ein er med inne i klassene i undervisninga.
Vågå ungdomsskule vil skuleåret 25-26 ha 141 elevar.
Vågå kommune er MOT-kommune. Hovudmålet i grunnskulen i Vågå er nynorsk.
Vi søker etter ein fagarbeidar som kan vera ein trygg og tydeleg vaksenperson i klasserommet og i skulekvardagen, og som kommuniserer godt med ungdom. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Våre overordna mål er:
· Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
· Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillingane får du ved å kontakte:
Helen Øygarden– rektor Vågå ungdomsskule. Tlf. 91194130,
e-post: helen.oygarden@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Søknadsfrist: 2. mai
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vågå Ungdomsskule orgnr: 975274527 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har 3570 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. |
Webside | https://vaga.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | VÅGÅ (Adresse: Edv.Stormsveg 2 Postnr: 2680) |
Stillingstype | Engasjement Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 02-05-2025 |