Fagarbeidar – Ytre Haram heimeteneste – Haram omsorgstenester, Haram kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(20 hours ago)
Job Description
Published 09-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Fagarbeidar – Ytre Haram heimeteneste
Vi søker etter ein fagarbeidar med helsefagleg utdanning i 100% fast stilling, for tida til heimetenesta i Ytre Haram lokalisert i Brattvåg. Stillinga er for tida i turnus, med arbeid på dag/kveld og kvar 3. helg.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre og fokuserer på fag, og å gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som fagarbeidar.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Arbeid med kvardagsrehabilitering og eigenmestring hos heimebuande.
- Arbeid med arbeidslister i Helseplattformen.
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar med helsefagleg utdanning.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- God IT-kompetanse til å kunne arbeide med arbeidslister og anna relevant arbeid i journalsystemet Helseplattforma.
- Det er ønskeleg med kompetanse eller erfaring med rehabilitering/fokus på eigenmeistring hos heimebuande.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
- Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
- Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
- Du har godt humør og ei positiv framtoning.
- Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
- Du ønsker å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får riktig tilbod på riktig plass.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med base i Brattvåg.
- Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
- Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 20
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4902772388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Haram omsorgstenester, Haram kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Storgata 20 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |