Job Description

Published 06-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Fagarbeidar – vikariat

Sør-Fron kommune har ledig eit vikariat som fagarbeidar fra 1. november 2024 til 20. juni 2025 med arbeidsstad Sør-Fron ungdomsskule. Det kan òg bli ledig andre vikariat. Stillinga er 80 % med 71,2 % lønn, jf. SFS 2201, pkt. 3.5.

Sør-Fron kommune har som mål å oppnå gode læringsresultat og eit godt miljø i skulen, både fagleg og sosialt. I dette arbeidet spelar fagarbeidarane ei viktig rolle.

Arbeidsoppgåver

Fagarbeidaren skal bidra til elevene si læring og utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært barne – og ungdomsarbeidarar, men anna relevant utdanning er også interessant.  
  • Lønn etter avtale. 
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg.                                                                                                                                                                                                                                    Vi viser elles til gjeldande avtaleverk.  
    Framlegging av politiattest, jf. Opplæringslova §10-9, ved tilsetting. Den skal ikkje følgje med søknaden. 

Personlege eigenskapar

Vi ønsker fagarbeidar som 

  • har eit positivt elevsyn og trivst i lag med ungdom
  • er strukturert og systematisk

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • eit muntert, inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • eit profesjonsfagleg fellesskap med fokus på motivasjon, medverknad og meistring i opplæringa
  • tilsetting på vanlege kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Oda Eline Hagen, Assisterande rektor Sør-Fron ungdomsskule, 40466965, oda.eline.hagen@sor-fron.kommune.no
Gunhild Haave, Rektor Sør-Fron ungdomsskule, 99269998, gunhild.haave@sor-fron.kommune.no

Arbeidssted

Kommunevegen 1
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 4867430882
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sør-Fron ungdomsskule, Sør-Fron kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.

Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg.Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar.  I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.

I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren. 

Velkome åt Sør-Fron!

Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar.

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.

Webside http://www.sor-fron.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SØR-FRON (Adresse: Kommunevegen 1 Postnr: 2647)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/75e73c7d-b7a5-4f60-9eb1-6bc34270d56b
IMPORTAPI