Fagarbeidar Vik barnehage – Vik Barnehage

Education Barnehage- og skolefritidsassistenter

(2 weeks ago)

  • VIK I SOGN
  •  Post Date: 10. July 2024
  •  Expire date: 1. August 2024
Job Description

Published 10-07-2024
Deadline: 01-08-2024

 

Fagarbeidar Vik barnehage

Om Vik kommune

Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

Me har ledig

Vik barnehage har ledig 50 % vikariat som fagarbeidar frå 12.08.2024 — 01.03.2025, med mogleg lenging ut barnehageåret 2025.

Arbeidsoppgåver

Byggje gode relasjonar med barna og bidra til trivsel og utvikling. Dette inkluderer alt frå stell og hygiene, til organisering av aktivitetar og måltid, og samarbeid med kollega og foreldre.

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller tilsvarande.

  • Erfaring frå arbeid i barnehage.

  • Kunnskap om Rammeplan for barnehagar og pedagogisk praksis.

  • Evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for borna.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ser etter deg som:

  • er engasjert og omsorgsfull

  • brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barna sin trivsel

  • er fleksibel og samarbeidsvillig — du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre

  • er ansvarsbevisst — du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø.

  • Fleksibel arbeidstid.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Den som blir tilsett må levere politiattest av nyare dato.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal stå på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Me gjer merksam på at opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Me vil i tilfelle varsla deg på førehand. Jamfør offentleglova §25.

Søknadsfrist og søknadsprosedyre

Søknadsfristen er 1.8.2024. Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik Barnehage orgnr: 975295338
Kort om arbeidsgiver

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr. Tenestemålet er nynorsk.

Webside https://www.vik.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VIK I SOGN (Adresse: Floten 40 Postnr: 6893)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 01-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e3059e7b-1b2c-482f-b764-72cd98201f0f
Stillingsregistrering