Fagarbeidar kokk – vikariat Hjørundfjordheimen – Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Reiseliv og mat Kokk(5 days ago)
Job Description
Published 12-03-2025
Deadline: 30-03-2025
Fagarbeidar kokk – vikariat Hjørundfjordheimen
Vi har i perioden 12.5.2025-9.3.2026 ledig vikarstilling for faglært institusjonskokk/ernæringskokk ved Felleskjøkkenet, Hjørundfjordheimen. Felleskjøkkenet har eit miljø som er levande opptekne av norsk tradisjonskosthald, og vi ynskjer og ha eit best mogleg mattilbod til våre pasientar og brukarar. Vi oppfordrar menn til å søkje stillinga.
Arbeidsoppgåver
Felleskjøkkenet har som oppgåve å lage mat til institusjon og til heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk, fordel med erfaring frå institusjon
- Lokal tilknyting er ein fordel
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar og ha evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skrifleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg at du
- har evne og vilje til å inngå i eit miljø som er levande opptekne av norsk tradisjonskosthald
- er kreativ
- er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit miljø som er oppteken av norsk tadisjonskost
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: f.t. dagtid med arbeid kvar 4. helg.
Stillinga er plassert i Hovudtariffavtalen ( HTA) kap. 4GR 1.2 Fagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 48659833, silje.solhaug@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Øyragata 20
6165 Sæbø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4935520272
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.05.2025
Sluttdato: 09.03.2026
Søknadsfrist: 30.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Kokk |
Sted | SÆBØ (Adresse: Øyragata 20 Postnr: 6165) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 12-05-2025 |
Søknadsfrist | 30-03-2025 |