Fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget – ARS – ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune

Carpenters Skredder

(17 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 24. October 2024
  •  Expire date: 8. November 2024
Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 08-11-2024

 

Fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.

Fagopplæring i skule: Vi treng ein fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget som kan leie eit opplæringstilbod til elevar som ikkje har fått læreplass. Stillinga er eit engasjement på 75% til og med 31.07.2025.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og legge til rette for fagopplæring i skule
  • Samarbeid med arbeidslivet i gjennomføring av opplæringa, med mål om overgang til lærekontrakt undervegs

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i Kjole- og draktsyerfaget

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid – både internt og eksternt
  • Strukturert
  • Evne til å skape gode relasjonar til lærlingane og kollegar
  • Fagleg nyfiken
  • Sjølvstendig
  • Opptatt av å skape eit trygt læringsmiljø for lærlingane
  • Brei fagleg kompetanse

Vi tilbyr

  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk 

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.arstad.vgs.no. Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Rita Gjerde, avdelingsleiar, 41234761

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4864451245
Stillingsprosent: 75%
Anna
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 08.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ARS – ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune orgnr: 974557487
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Håndverkere
Yrke Skredder
Sted BERGEN (Adresse: Postnr: 5054)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/43c4d4c3-154d-47cb-8034-e888941c2ba1
IMPORTAPI