Fagarbeidar gravplass og drift – Alver kyrkjelege fellesråd
Håndverkere Janitor (caretaker)(3 weeks ago)
Job Description
Published 13-04-2025
Deadline: 18-05-2025
Fagarbeidar gravplass og drift
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling (100%) som fagarbeidar i driftsavdelinga. Fellesrådet er gravplassmyndigheit i Alver, og utfører arbeidet gjennom driftsavdelinga.
Vi driftar 25 gravplassar, 14 kyrkjer og nokre andre bygg. Det er om lag 210 gravferder i året i kommunen.
Driftsavdelinga består av 6 tilsette. Avdelinga si primære oppgåve er gravferder og stell av gravplassane, men avdelinga skal òg ta vare på bygga og anna drift.
Frammøtestad er Lonsvegen 1 i Knarvik, men avdelinga har også andre lokale. Oppgåvene kan vere i heile kommunen.
Stillinga er i utgangspunktet ledig frå oktober.
Det blir også ein ledig stilling til sineare i år, med fokus gartnerarbeid. Det blir ny utlysning.
Arbeidsoppgåver
Formålet med stillinga er å sikre sikre god og forsvarlig drift av gravplassen, og at gravplassen blir ein stad som gir god service til besøkande.
- Ansvar for graving, praktisk tilrettelegging og oppfølging av gravleggingar og nedsetting av urner
- Ansvar for nødvendig vedlikehald av gravplassane
- Medverka til vedlikehald av maskinar og utstyr
- Medverka til at det er ro og orden på gravplassane
- Medverka til at lov, forskrift og gravplassvedtekter blir fulgt
- Andre oppgåver som arbeidsgjevar bestemmer, til dømes mindre byggvedlikehald, snøbrøyting, klipping av gras og ringing med kyrkjeklokker
- Arbeidsoppgåvene er i hovudsak utandørs, og kan vera fysisk krevjande. Det vil bli gitt opplæring i bruk av utstyr
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med stor erfaring i bruk av gravemaskin og anna tilhøyrande utstyr
- Det er ønskeleg med maskinførarbevis, men praktisk erfaring kan kompensera for utdanning
- Det er ønskeleg med erfaring frå gravplass
- Det er ein fordel med erfaring frå reparasjon av maskinar og utstyr
- Sertifikat BE er nødvendig i arbeidet
Personlege eigenskapar
- Må vere fleksibel, løysingsorientert og ansvarleg
- Må kunne ta stort ansvar for eigne oppgåver
- Må evne å sjå oppgåver og utføre dei sjølvstendig
- Må kunne samarbeide og jobbe i team
- Må bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
Løn etter tariff for fagarbeidar gravplass.
Offentleg pensjonsordning gjennom KLP.
Anna: Fagarbeidar er underlagt taushetsplikt
Kontaktinformasjon
John Henanger, Driftsleiar, 40648270
John Fredrik Wallace, Kyrkjeverje, 48284872
Arbeidssted
Lonsvegen 1
5914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4955883551
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kyrkjelege fellesråd orgnr: 924586699 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Alver kyrkjelege fellesråd vart etablert i 2020 og består av 5 sokn med tilsaman 35 tilsette og 8 prestar. Alver kommune har om lag 30.000 innbyggarar og ca 75% er medlemmer i DNK. Kommunen består av både av bygder og bygdebyar og mange pendlar til Bergen. For meir informasjon om soknet – sjå
Alver kyrkjelege fellesråd www.kyrkja.no/alver
|
Webside | http://www.kirken.no |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Vaktmester |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Lonsvegen 1 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-05-2025 |