Fagarbeidar – Eining Habilitering, Sveio kommune

Health and social care LPN (nurse)

(2 days ago)

  • SVEIO
  •  Post Date: 25. September 2024
  •  Expire date: 21. October 2024
Job Description

Published 25-09-2024
Deadline: 21-10-2024

 

Fagarbeidar

Me har no fleire stillingar ledige stillingar hos oss i Åsvegen bueining. Dette gir oss store moglegheiter for å kunne tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde etter tilpassa  kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Me har ulike bebuarar som treng tilpassa tilnærming og miljøarbeid, og dei stillingane me no har utlyst kan samanflettes på ein måte som gjer at me kan bruke personal på tvers av ulike bebuarar.

Me søkjar etter 2 fagarbeidarar i 100 % stilling. Det er moglegheiter for lågare stilling, heilt ned til 70 %, dersom det er ynskja. Deler av stillingane tilhøyrar ein bemanningspool kor det må påreknas arbeid på tvers av våre 2 avdelingar, Åsvegen og Stemhaugen som ligg svært nær kvarandre. Begge avdelingane har lik brukargruppe og har mykje samarbeid i det daglege.
   
Er du ein engasjert og fleksibel person som ser moglegheiter der andre ser begrensingar? Er du mestringsorientert og opptatt av å bygge gode relasjonar med brukarar?
Då kan det være nettopp deg me leitar etter! Me søkjar no etter ein ny miljøterapeut som med sitt opne sinn ynskjer å arbeide med å få til positive endringar hjå våre bebuarar. Me ser etter deg som har ein positiv innstilling til vanskelige utfordingar og som likar å jobbe systematisk for å oppnå dine mål.
 
Åsvegen bueining er eit butiltak i eining Habilitering. Våre bebuarar har ein psykisk utviklingshemming, men nokon har også fleire og samansette utfordringar. Me har fokus på kontinuitet og forutseibarhet for brukarane og har for tida turnus med arbeid kvar 4. helg og vaktar inntil 14 timars varigheit. Det det er lagt opp til mest mogleg samanhengande arbeidsperiodar og dermed lengre arbeidsfrie periodar. Dette er ei ordning som me inngår tariffavtale med fagrørsla om og gjeld for eitt år av gangen.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva som ligg til stillingane er dagleg oppfølging av bebuarar, yte god omsorg for dei og ivareta forsvarleg helsehjelp
  • Fagleg samarbeid med hovudkontakt og andre kollegaer i kvardagen, samt delta på ulike fag- og samarbeidsmøta
  • Kvardagsleg samarbeid med pårørande og verge
  • Medansvarleg for fag- og kvalitetsutvikling i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar
  • Anna helse- og sosialfagleg utdanning kan og verta vurdert
  • Erfaring frå arbeid med åtferd som utfordrar og psyksisk helse blir vektlagt
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i PAS (positiv atferdsstøtte), eller psykiatri
  • Personleg eignaheit vil bli høgt vektlagt
  • Førarkort kl. B
  • Tilsetting i stillinga krev tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
     

Personlege eigenskapar

  • Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
  • Du evnar å stå i tøffe situasjonar og har laga deg gode metodar for å gje slipp på stresset etter vanskelege hendingar
  • Du er ein person som er fagleg engasjert og held deg oppdatert på nye metodar
  • Du må kunna jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
     

Vi tilbyr

  • Ein lærande og fleksibel arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, men mange kjekke og dyktige kollegar som stillar opp for og støttar kvarandre på dei utfordrande dagane
  • Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Peer Cato Sjursen, avdelingsleiarÅsvegen bueining, 94164806, Peer.Cato.Sjursen@sveio.kommune.no
Evy Kjellesvold, Einingsleiar Habilitering, 97530041, evy.kjellevold@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune

Referansenr.: 4865411377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining Habilitering, Sveio kommune orgnr: 983806848
Kort om arbeidsgiver Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Webside http://www.sveio.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SVEIO (Adresse: Postnr: 5550)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9c46fbf9-9be8-4daa-9e48-8db398e9a385
IMPORTAPI