Job Description

Published 08-09-2024
Deadline: 23-09-2024

 

Fagarbeidar- Eining for habilitering/ rehabilitering

Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best moglegfunksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-tenester. 

Det er ledig:

  •  2 x 80 % fast stilling som nattevakt 

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Arbeidsoppgåver

  • Etablere og vedlikehalde gode relasjonar
  • Etablere og vedlikehalde gode rutinar for miljøterapeutisk arbeid
  • Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
  • Vere deltakar i å fremme eit godt, trygt og forutsigbart arbeidsmiljø  
  • Delta aktivt i fagutviklinga i eining
  • Fagsystema som blir nytta er Profil, Compilo og SamPro 

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav
  • Førarkort kl. B
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med anna relevant utdanning/praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
  • Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
  • Omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Du er ein god rollemodell

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i tverrfagleg teneste
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offenteleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059

Arbeidsstad

Kyrkjegata 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4857360668
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Habilitering rehabilitering, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted STRANDA (Adresse: Kyrkjegata 13 Postnr: 6200)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d7b9c9da-56cc-4c8d-86f2-68f8c1f32130
IMPORTAPI