Job Description
Published 17-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Fagarbeidar, drift og vedlikehald
Er du vår nye kollega og medarbeidar?
Me søkjer etter ein sjølvstendig og engasjert fagarbeidar i 100 % stilling som vil få varierte oppgåver innan eininga.
Arbeidsoppgåvene vert hovudsakeleg drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale bygg med tilhøyrande grøntområde. Du vil få ansvar og oppfølging av din eigen byggportefølje som inkluderar dagleg samarbeid med brukarar, leiarar og andre interessentar i kommunen.
Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterar til einingsleiar. Det kan bli aktuelt med deltaking i vaktordning- det vil difor vera ein fordel om du bur i kommunen.
Kva stillinga går ut på
- Planlegging, gjennomføring og oppfølging av vedlikehaldsoppgåver og rehabiliterting.
- Dagleg drift/kontroll av dei ulike bygga med oppfølging av internkontroll og leverandørar.
- Bidra til å velja ut og styra underleverandørar iht. kvalitet, tid, budsjett.
- Bidra til effektiv gjennomføring av byggaktivitetane i samsvar med tryggleik- og kvalitetskrav.
- Delta i større og mindre prosjekt som òg vil kunne omfatte nybygg og endringar.
- Vedlikehald av uteområder, som grøntanlegg og parkeringsplassar.
- Bestille og styre arbeid utført av leverandørar
- Samarbeida med andre fagområda i eininga for å koordinera aktivitet og styrka tryggleiken ved drift.
Sidan me er ein liten avdeling, vil det vera behov for å jobba på tvers av fagområda innan eininga.
Kva kompetanse me søkjer etter
- Fagbrev som byggdriftar
- Søkjarar med annan relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert for stillinga.
- Relevant erfaring frå rehabilitering av eldre næringsbygg eller bustader.
- Førarkort B (BE)
- God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg.
- God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver.
Til stillinga er det krav om framlagt politiattest grunna arbeid knytt til bygg som barnehagar, skular og helseinstitusjonar.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Har evna til å ha ein god dialog med publikum og samarbeidspartnere.
- Er ryddig og strukturert.
- Er positiv, fleksibel og er løysingsorientert.
- Evnar å arbeida sjølvstendig, men er også klar for å samarbeida når det trengs.
- Trivst med høgt tempo og fysisk arbeid.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du velga oss?
Hos oss vil du få høve til å arbeida med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der me er oppteken av kunnskapsdeling og -heving.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i fagarbeidar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tysnes Kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes! Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i! Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu. |
Webside | https://www.tysnes.kommune.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Vaktmester |
Sted | UGGDAL (Adresse: Uggdalsvegen 301 Postnr: 5685) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-04-2025 |