Job Description

Published 15-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Fagarbeidar barnehage – Vikariat

FAGARBEIDAR I BARNEHAGE

Tokke kommune har ledig eit 35 % vikariat som fagarbeidar i Byrte barnehage frå 01.01 — 25 til 14.08 — 25.

Andre med relevant utdanning/realkompetanse eller praksis kan òg søkje.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt — betre tverrfagleg innsats (BTI).

Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.

Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke <>.

Mål: Fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Dette gjennom fysisk aktivitet / bevegelseglede og kosthald /matglede

Byrte barnehage

Byrte barnehage er en 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn (avhengig av alder på barna). Me har barn i alderen 1 -6 år. Barnehagen er ein del av Byrte samfunnshus med flotte turområder, badeplass og skiløyper i nærleiken. Barnehagen er open måndag, tysdag, onsdag og fredag kl 07.30 — 16.30.

Me kan tilby:

· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat

· Eit godt arbeidsmiljø

· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Personlege eigeskapar:

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg

· Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer

· Være ansvarsbevisst og sjølvstendig

Kvalifikasjonar:

· Godkjent utdanning som fagarbeidar

Andre (assistentar) kan òg søkje.

· Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Beate Lippert, e-post: Beate.Lippert@tokke.kommune.no mob.: 928 63 304

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 30. oktober 2024

Velkomen som søkjar!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124
Kort om arbeidsgiver

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.

Webside https://www.tokke.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/10fc52dc-2d33-4db3-83d2-cfb706081011
Stillingsregistrering