Fagarbeidar barnehage – Tokke Kommune Sentraladministrasjon

Education Barnehage- og skolefritidsassistenter

(11 hours ago)

  • DALEN
  •  Post Date: 19. September 2024
  •  Expire date: 2. October 2024
Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: 02-10-2024

 

Fagarbeidar barnehage

FAGARBEIDAR I BARNEHAGE

Tokke kommune må opne ei ny avdeling i Høydalsmo barnehage og treng difor fleire tilsette. Me har difor ledig vikariat som fagarbeidar i inntil 100% frå snarast eller 14.10 — 24 og fram til 14.08 — 25.

Andre med relevant utdanning/realkompetanse eller praksis kan òg søkje.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt — betre tverrfagleg innsats (BTI).

Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.

Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke <>.

Mål: Fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Dette gjennom fysisk aktivitet / bevegelseglede og kosthald /matglede

Høydalsmo barnehage

Høydalsmo barnehage har eksistert i mange år, men nytt barnehagebygg sto ferdig i august 2022. Barnehagen ligg i eit flott naturområde og nærområde blir flittig brukt heile året. Barnehagen ligg tett opp til Høydalsmo skule, samfunnshus og basseng.

I Høydalsmo barnehage er leik, leikemiljø, venskap og gode relasjonar viktig. Alle barna skal kjenner at dei høyrer til i eit trygt og godt fellesskap.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Dagny Skjelbreid, e-post: dagny.skjelbreid @tokke.kommune.no mob.: 476 62 420

Me kan tilby:

· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat

· Eit godt arbeidsmiljø

· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Personlege eigeskapar:

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg

· Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer

· Være ansvarsbevisst og sjølvstendig

Kvalifikasjonar:

· Godkjent utdanning som fagarbeidar

Andre (assistentar) kan òg søkje.

· Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 02. oktober 2024

Velkomen som søkjar!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124
Kort om arbeidsgiver

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.

Webside https://www.tokke.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 14-10-2024
Søknadsfrist 02-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e8272b36-780d-47f4-98fc-0ba0eaa739d5
Stillingsregistrering