Job Description

Published 05-04-2025
Deadline: 20-04-2025

Fagarbeidar /assistent Ytre Arna skule

Vil du bli med oss i team YA?

Vi har ledig inntil to faste stillingar som fagarbeidar i 100% stilling.
Stillingane dekker både skuletida og SFO, og er ledig frå 01.08.2025.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar. Rundt 90 av elevane våre har plass på SFO, som er delt inn i tre grupper.

Skulens visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

SFO si hovedsatsning er «Saman i vennskap, lek og læring». Vi ønsker trygge, varme, kreative og initiativrike medarbeidarar som har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Arbeidsoppgaver

Støtte, rettleie og vise omsorg for elevar i leik, læring og utvikling.
Ta ansvar for og leie aktiviteter på SFO
Deltaking i skolens profesjonsfellesskap, og tett samarbeid med andre tilsette
 

Kvalifikasjoner

Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilsvarande kompetanse blir og vurdert, for eksempel frå
høgskule.

Erfaring med arbeid i SFO /skule 

Kompetanse innanfor friluftsliv, idrett, musikk eller forming er ein fordel.

Kompetanse i fleire språk er ein fordel.

God kompetanse i norsk er eit krav.

Gyldig politiattest er eit krav.

Personlige egenskaper

Du er ein trygg, tydeleg og varm voksen som ser, høyrer og forstår elevane

Du møter alle elever, kollegaer og foreldre med respekt og forståing.

Du har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team.

Du er faglig engasjert, fleksibel og løysningsorientert.

Du er ansvarsbevisst og strukturert.

Du er glad i å være ute.

Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr

Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar

Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling

Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 

IA-bedrift og gode velferdsordningar

Løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Torunn Reistad Skurtveit, Rektor, 95743586

Arbeidssted

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bergen kommune

Referansenr.: 4946001329
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 20.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ytre Arna skule, Bergen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.
Webside http://www.bergen.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted YTRE ARNA (Adresse: Postnr: 5265)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 20-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f5ccd435-6bdd-4e29-b110-944acc092d9e
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31