Job Description

Published 20-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Fagarbeidar / assistent i Gol barnehage

Gol barnehage med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset arbeidar for ein kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjar medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i læring og utvikling.

Dine kvalifikasjonar:
• Barne- og ungdomsarbeidar eller anna barnehagefagleg utdanning
• Har relevant erfaring frå barnehage og ynskje om å gjennomføre barnehagefagleg utdanning.
• Lære å bruke digitale verktøy som Gol kommune nyttar administrativt for tilsette og i pedagogisk arbeid
   med barna
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Forventningar til deg som søkar:
• Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
• Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
• Har evner til å skape gode relasjonar med barn.
• Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
• Er interessert i barn si utvikling og medverking.
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
• Bidreg til eit raust arbeidsklima.
• Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre.
• Jobbar sjølvstendig og tar ansvar
• Deltar i det pedagogiske arbeidet
• Tar medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, både inne og ute.
• Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar

Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Stillingsbeskriving
• Gratis trening

Anna:
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
• Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane – menn blir oppfordra til å søkje
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
• Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta
personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut
i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gol kommune Gol barnehage orgnr: 986487360
Kort om arbeidsgiver Gol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og husar ca. 5 000 innbyggarar. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Golnøklane, samskaping, innbyggardialog og berekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkande og fastbuande. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, anten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligg midt imellom aust og vest med kort veg til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som bind oss saman med Noregs to største byar. Kommunen er inkluderande og familievennleg. Vi har både ny 1–10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod med både vidaregåande skule, folkehøgskule og snart eit universitet.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted GOL (Adresse: Gamlevegen 4 Postnr: 3550)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3a3947ee-3720-4191-9190-c0082b071dc8
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31