Fagarbeidar/assistent – Herøy kommune, Seksjon oppvekst
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 days ago)
Job Description
Published 12-03-2025
Deadline: 03-04-2025
Fagarbeidar/assistent
Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar til våre ledige stillingar. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring står i sentrum.
Frå 1. august har vi ledige stilling(ar) som fagarbeidar barn og ungdom / assistent i barnehage, grunnskule og SFO.
Stillingane er deltidsstillingar, og det kan verte både faste stillingar og vikariat. I barnehage kan det vere aktuelt med 100 prosents stilling.
Fleire av barnehagane og skulane er aktuelle. På skulane har vi behov både på barnetrinnet og ungdomstrinnet.
Arbeidsoppgåver
- arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan/strategiplan
- støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn
- følge opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte
- utføre praktiske oppgåver både ute og inne
For arbeid i barnehage må ein kunne følge barnehagen sitt vaktsystem.
For arbeid i skule må ein rekne med arbeidstid både i skule og SFO.
Kvalifikasjonar
- primært fagbrev barn og ungdom, eller anna relevant utdanning
- erfaring frå arbeid med barn
- gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- grunnleggande datakunnskapar
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- har høg relasjonskompetanse
- er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette
- er ein god rollemmodell
- er ein trygg og tydeleg vaksenperson
- deltek aktivt ilag med barna både ute og inne
- er fagleg engasjert, løysingsoreintert, strukturert og fleksibel
Vi tilbyr
- ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg
- samarbeid og lærande fellesskap
- pensjons- og forskringsordning i KLP
- IA-bedrift
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, 97542422
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, 97942299
Arbeidsstad
Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4934459125
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Herøy kommune, Seksjon oppvekst orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er “ei båtlengd føre”. Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av ! |
Webside | https://www.heroy.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | FOSNAVÅG (Adresse: Rådhusgata 7 Postnr: 6090) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-04-2025 |