Job Description

Published 16-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Fagarbeidar, 90% stilling vikariat

Me søker:

Skjold skule er på jakt etter ein fagarbedar/assistent i eit vikariat frå snarast – 31.07.25. Stillingsprosent 97,12% og lønnsprosent 90%.

Skjold er ein 1.-10. skule med to parallellar på 8.-10. trinn. Skulen ligg lengst vest i Vindafjord kommune, og har eit flott uteområde med skogen i nærleiken. Skulen har 320 elevar. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Følgje opp enkeltelevar i skulen og på SFO
  • Følgje opp og støtte for gode læringsaktivitetar 
  • Samarbeide tett med kontaktlærer for gode læringsaktiviteter og overgangar 
  • Legge til rette for trygge og inkluderande aktiviteter i friminuttane 
  • Være en synlig og trygg rollemodell for alle elever

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant kompetanse.
  • Det er eit ønske at den som blir tilsett har erfaring frå arbeid med barn som treng ekstra oppfølging og støtte. 

 Personlege eigenskapar:

  • Må kunne skape gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen
  • Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse
  • Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane og arbeidsmiljø for dei vaksne
  • Du tar initiativ til kontakt og er god på å byggje relasjonar. 
  • Du er ein varm og tydeleg vaksen.
  • Du kan jobbe på eigenhand og i team.
  • Me legg stor vekt personleg eigenskap.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Skjold skule orgnr: 974618133
Kort om arbeidsgiver Skjold skule ligg sentralt i Skjold, og har noko over 300 elevar på 1.-10. trinn, med to parallell-klassar på ungdomstrinnet. Elevane våre kjem frå skulekrinsane Vik, Vats og Skjold på ungdomssteget. Skulen har om lag 50 engasjerte og dyktige tilsette, Frå hausten 2020 framstår det meste av skulen som ny og moderne. Det fysiske læringsmiljøet er godt tilrettelagt for alle aldersgrupper, og skulen har tilgang til idrettshall, kunstgrasbane, ballbinge og grasbane, og har eigen lavvo i nærmiljøet.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted SKJOLD (Adresse: Vikanesvegen 4 Postnr: 5574)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bbde9e2a-98a7-49f8-b4e0-7761476d201f
IMPORTAPI