Fagansvarlig ITB – Møre og Romsdal fylkeskommune

Construction Construction Engineer

(7 hours ago)

  • MOLDE
  •  Post Date: 23. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 23-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Fagansvarlig ITB

Fagansvarlig ITB

Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å vere eit førebilete for korleis vi kan bygge framtidas berekraftige bygg. Kvart av prosjekta våre har eit høgt ambisjonsnivå med omsyn til klima og miljø, sosial berekraft og god prosjektøkonomi. Bygg- og eigedomstenestene har som ambisjon at kvart bygg vi sett opp skal vere litt betre enn førre gong. Dette betyr at vi heile tida må vere innovativ og modig i dei vala vi gjer, og at vi må kunne dokumentere resultatmåla vi sett oss.

Vil du bli ein del av et fagmiljø innan utvikling av bygg og byggeprosjekt og ønskjer å bidra til utvikling i næringa kan vi være rette plassen for deg.

Arbeidsoppgåver
Som fagansvarlig ITB vil du ha ansvar for å utarbeide strategiar knytt til ITB i dei eksisterande bygga og oppfølging knytt til ITB i pågåande byggeprosjekt. Du vil saman med prosjektleiarar og øvrige fagressursar stå for implementering av desse strategiane i bygga våre.

I tillegg vil du kunne få prosjektleiaroppgaver kor du får jobbe med planlegging og gjennomføring av ulike byggeprosjekt, men med fokus innafor ITB. Dette inneber ansvar for å levere prosjektet med rett kvalitet, til rett tid og innafor kostnadsramme. 

Saman med vårt team vil du jobbe med strategiar, politiske saker og kunne ha fagleg ansvar innanfor eit eller fleire tema.Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har

  • relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes sivilingeniør. Ved riktig erfaring og kompetanse elles, kan høgare utdanning på bachelornivå vere tilstrekkelig
  • erfaring og kompetanse innan ITB
  • god erfaring med bruk av digitale verktøy for dokumentasjon av bygg og byggeprosjekt i tråd med gjeldande nasjonale standardar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:

  • Bygningsautomasjon
  • Elektro
  • Ventilasjon
  • Standarder knyttet til ITB, FDV og klassifikasjon  (eks. NS3935, NS6450, NS3451, NS3456, NS3457-serien)
  • Modellering og informasjonssystematisering gjennom BIM
  • VDC
  • prosjekteringsleiing/prosjektleiing i byggeprosjekt

Personlege eigenskapar

  • arbeider systematisk og grundig
  • har gode samarbeidseigenskaper
  • har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig og utviklingsorientert

Vi tilbyr

  • ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale 

Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 974576465
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og
utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit
samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted MOLDE (Adresse: Postnr: 6412)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/10aff2c4-9ee6-4847-9252-bcef7676de56
AMEDIA
https://3538.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4892089842?link_source_id=3454397198