Job Description

Published 30-12-2024
Deadline: 14-01-2025

 

Fagansvarlig Ingeniør Immunhistokjemi 

Vi leitar etter ein engasjert medarbeidar. Dette er ei dagstilling, og arbeidsdagen vil vere variert. Stillinga inneber ansvar for å vidareutvikle drifta av Immunhistokjemi i Helse Fonna. Her vil du få moglegheita til å lære og bidra i ulike delar av laboratoriets verksemd gjennom grundig opplæring.

På vår avdeling har vi tatt i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig under utvikling.

Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Hvis dette er av interesse, vennleg inkluder det i søknaden din. Vi oppfordrer spesielt nyutdanna til å søkje. Oppstartsdato kan tilpassast.

Immunhistokjemi er i ei rivande utvikling. Du vil være med på den spanande utfordring å tilpasse samt utvikle kreft diagnostikk for ei personretta behandling til kreftpasienter.

Grip denne moglegheita til å vere med i framtidas kreftdiagnostikk!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid
  • Medverknad til vidareutvikling av immundiagnostikk og vera faglig oppdatert i faget 
  • Ha ansvar for utprøving og validere/verifisere nye metodar eller instrument saman med ansvarleg lege og funksjonsleiar Patologi
  • Delta i avgjerdsprosessar angåande innkjøp og implementering av metodar og medisinsk teknisk utstyr
  • Ansvar for å utarbeide nødvendige opplæringsplaner, opplæring og undervisning innan fagområdet
  • Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
  • Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
  • Rullering av arbeidsprogrammer innen flere fagområder

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon eller tilsvarande utdanning 
  • Kompetanse og erfaring innan immunhistokjemi og/eller patologi er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • God kunnskap i og forståing av generelle IT- verktøy 
  • Erfaring og kompetanse frå klinisk medisinsk laboratorium og kvalitetssikringssystem er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å arbeide kvalitetsbevisst
  • trivst med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
  • har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
  • er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
  • tålar å stå i krevande situasjoner

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
  • Hos oss er vi ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA- bedrift)
  • Her får du ein spennande og utfordrande jobb
  • Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium
  • Løn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden 

Kontaktinformasjon

Håvard Valvatne, Funksjonsleiar, 99288088, Havard.Valvatne@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4900455236
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Patologi Haugesund sjukehus orgnr: 995237296
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundsgt. 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a94bd6b8-56d5-46a5-80cc-1e2400902887
IMPORTAPI