Fagansvarleg Nettpatruljen – FEFE – Møre og Romsdal politidistrikt
IT Drift, vedlikehold(1 day ago)
Job Description
Published 13-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Fagansvarleg Nettpatruljen
Er du vår nye fagansvarlege i Nettpatruljen i Møre og Romsdal politidistrikt?
Som fagansvarleg i Nettpatruljen vil du vere ein del av eit mangfoldig og ansvarleg fagmiljø med høge forventningar. Du vil utvikle eigen og andre sin kompetanse i digitalt operatørskap, og utøve allsidigheit i moderne politiarbeid i tett samarbeid med andre einingar og fagansvarlege i politidistriktet, samt delta i nasjonale fagnettverk.
Primæroppgåvene til Nettpatruljen er nærvær og patruljering i digitale plattformar og forum i tett dialog med innbyggjarane. Formålet er å skape tryggleik på nett gjennom førebygging og avdekking av nettkriminalitet.
Stillinga er organisert under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), ved seksjon for førebygging. Arbeidsstad for stillinga er primært Ålesund, men annan arbeidsstad kan bli vurdert dersom du ønskjer det. Du må pårekne reiseverksemd.
Vi tilbyr eit spennande arbeidsmiljø med moglegheiter for innovasjon og utvikling av polititjenester på nett. Er du motivert til å bidra i dette fagområdet? Vi ser fram til søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Sikre og utøve dagleg drift av nettpatruljen i politidistriktet
- Styrkje og vidareutvikle politiet sitt arbeid på sosiale medier, herunder arbeidsmetodikk, oppfølging, kvalitetssikring, samarbeid og samhandling
- Bidra med å vidareutvikle og styrkje det kriminalitetsførebyggende arbeidet primært mot ungdom
- Delta i nasjonale fagnettverk
- Vere fagleg oppdatert og bidra til utadretta og innadretta verksemd som foredrag, undervisning og kursing
- Utføre andre oppgåver pålagt av overordna og tillagt eininga
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Minimum tre års erfaring frå politiet
- God forståing for politiet sine ulike fagområde
- Heilskapleg forståing for kriminalitetsførebyggande arbeid
- God kunnskap om digitale plattformar og ny teknologi
- Krav om sikkerhetsklarering og autorisering til BEGRENSET
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
For å bli vurdert til stillingskode 0287 politioverbetjent må ein ha minst fem års erfaring frå politiet, og relevant vidareutdanning og/eller relevant erfaring.
Ønskeleg:
- Vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging/etterretning
- OSINT-erfaring eller utdanning/kurs
- Vidareutdanning i kulturforståing og mangfold
- Kurs i politiets bekymringssamtale eller andre samtale-/dialogverktøy
- Erfaring frå kriminalitetsførebyggande arbeid
- Erfaring med foredrag, opplæring eller anna rettleiing
- Utdanning//kurs/dokumenterte ferdigheiter innan SoMe
Personlege eigenskapar
Motivasjon og personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt for stillinga
- Motivert for digitalt politiarbeid
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Sjølvstendig og strukturert
- Kreativ
- Initiativrik og resultatorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med på å forme polititjenestene for framtida
- Stillinga blir lønna som politiførstebetjent (stillingskode 0285), frå kr. 548 600 til 646 000, eller politioverbetjent (SKO 0287) frå kr. 604 900 til kr. 708 000 brutto per år
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Arild Helland, Seksjonsleiar, 41440486
Arbeidssted
Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4881588204
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FEFE – Møre og Romsdal politidistrikt orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om politidistriktet Organisering av politidistriktet Dette er verdiane våre Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder Om offentleg søkarliste Har du hugsa dette? |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | IT |
Yrke | Drift, vedlikehold |
Sted | MOLDE (Adresse: Strandgata 2 Postnr: 6415) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |