Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 09-01-2025
Fagansvarleg Arkiv
Har du interesse for god dokumentforvaltning og er opptatt av digitalisering og forbedring?
I avdeling Stab og støtte har vi ledig stilling som fagansvarleg arkiv. Avdelinga består av 11 tilsette med ansvar for personal, servicekontor, arkiv og IKT/digitalisering.
Vi søkjer deg som kan vere ein pådrivar for å effektivisere og videreutvikle arkivtenesta i kommunen!
Arbeidsoppgåver
- Delta i daglege oppgåver med dokumentbehandling, postmottak og digital arkivering.
- Forvalte kommunen sine arkiv i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
- Utarbeide arkivplanar og andre overordna planar/rutinar.
- Delta i videreutvikling og vedlikehald av rutinar for elektronisk arkiv- og saksbehandling.
- Delta i digitaliseringsprosjekt
- Opplæring og rådgjeving til saksbehandlarar i bruk av saksbehandlarsystemet ACOS Websak
- Behandle innsynsførespurnadar.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på universitet- eller høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning.
- Har erfaring i bruk av elektronisk sak-arkivsystem
- Har god kjennskap til og forståelse av NOARK-standarden, samt anna lov- og regelverk innan dokumentforvaltning og arkiv.
- Har kunnskap om offentlig forvaltning og saksbehandling.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, systematisk, målretta og proaktiv
- Serviceinnstilt og tek ansvar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Positiv til utvikling- og forbetringsarbeid
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Geir Liavåg Strand, Organisasjonssjef, +47 951 91 753
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4890496082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stab og støtte, Gloppen kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. |
Webside | http://www.gloppen.kommune.no/ |
Bransje | IT |
Yrke | Drift, vedlikehold |
Sted | SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-01-2025 |