Etterforskar – vikariat – ÅLESUND – Møre og Romsdal politidistrikt
Security and readiness Politi, fengsel og toll(21 hours ago)
Job Description
Published 25-11-2024
Deadline: 10-12-2024
Etterforskar – vikariat
Ønsker du å jobbe med etterforsking i eit etterforskarteam ved Ålesund politistasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig eit vikariat som politibetjent 3/2/1 med lengd på eit år. Det kan bli ledig fleire vikariat.
Seksjonen består i dag av seksjonsleiar, straffesaksansvarleg, TA-ansvarleg og avsnitt for etterretning og førebygging. Etterforskarane er etablerte i tre team som samla har ansvar for den generelle straffesaksporteføljen til seksjonen, og hjelper ved behov heile geografisk driftseining Sunnmøre i straffesaksbehandlinga. I tillegg kjem kriminalvakt og publikumsmottak. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggande strategien til politiet.
Seksjonen har per i dag eit sterkt fagmiljø og fleire medarbeidarar har lang erfaring og høg kompetanse innan oppgåveporteføljen til seksjonen. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og tidvis stort arbeidspress. Arbeidet er svært krevjande fordi ein ofte jobbar med menneske i krise og det krevst at seksjonen leverer arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken.
I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Vikariatet er for tida ved Ålesund politistasjonsdistrikt, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking. Oppmøtestad er i Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Etterforskingsoppgåver
- Kriminalitetsførebyggande arbeid
- Krimvakt/publikumsmottak
- Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
- Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- Støtteliste ved vakt og beredskap i Ålesund kvar fjerde helg
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- Operativ godkjenning i minimum AOP, eller vere kvalifisert for og villig til å bli IP-godkjent for kategori 4
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Relevant erfaring frå politistilling
- Erfaring frå etterforsking
- Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
- Etter/-vidareutdanning innan etterforsking
- Anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
- Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Fast stilling eller vikariat som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 575 400 – kr. 667 700
- Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 509 300 – kr. 565 900
- Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 487 700 – kr. 532 200
- Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Arne Lid Skodje, Seksjonsleiar, 93054548
Arbeidsstad
Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4889638828
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 10.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | ÅLESUND – Møre og Romsdal politidistrikt orgnr: 974747251 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om politidistriktet Organisering av politidistriktet Dette er verdiane våre Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder Om offentleg søkarliste Har du hugsa dette? |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Nedre Strandgate 50 Postnr: 6005) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 10-12-2024 |