Etterforskar – politibetjent 3/2/1 – FEFE – Avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Nordmøre og Romsdal, Møre og Romsdal politidistrikt
Security and readiness Politi, fengsel og toll(1 day ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Etterforskar – politibetjent 3/2/1
Vi har ledig to vikariat som etterforskar i Kristiansund/Molde. Har du erfaring frå etterforsking og ønskjer å bli ein del av vårt dedikerte team, vil vi gjerne høyre frå deg!
Stillingane som etterforskar skal bidra til å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskningsarbeidet innan SO og grov vald og bidra til at Møre og Romsdal politidistrikt handterer sakene med den kvalitet og effektivitet som dette fagfeltet krev.
Arbeidet er prega av høgt tempo, og du må derfor ha god arbeidskapasitet. Du må og kunne vere fleksibel og like å finne løysingar då det ofte oppstår akutte saker som krev umiddelbar respons frå avsnittet. Arbeidsoppgåvene er givande og krevjande som følgje av at ein ofte jobbar med mennesker i krise, og ein må levere arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. Du blir eksponert for mange sterke inntrykk gjennom handtering av ulike typar overgrepsmateriale. Vi har derfor eit særlig fokus på HMS, og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø.
Vi har eit nært samarbeid med Statens Barnehus i Ålesund. Vi arbeider også tett med avsnitt for kriminalteknikk og avsnitt for digitalt politiarbeid. Vi har per i dag eit sterkt fagmiljø med ei fin blanding av erfarne medarbeidarar og unge etterforskarar med stor interesse for fagfeltet. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit mål at dette skal videreførast og prege avsnittet.
Stillingane er for tida organisert ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), ved seksjon for etterforsking, avsnitt for grov vald og SO Nordmøre og Romsdal. Oppmøtestad for vikariata er ved politihuset i Molde og/eller ved politihuset i Kristiansund. Dette blir avklart i løpet av prosessen. Eit vikariat varar til midten av august og eit varar til midt av september 2025. Du må rekne med å reise noko i stillinga.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking av straffesaker som høyrer inn under FEFE/seksjon for etterforsking/avsnitt for SO og grov vald, og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane
- Sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
- Utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, herunder identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak
- Gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
- Utføre taktisk gjennomgang av digitale beslag
- Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre einingar
- Bidra til at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeidarskap
- Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Generelt gode IKT-kunnskapar og må kunne bruke relevant saksbehandlingssystem og prosjektstyringsverktøy
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring frå etterforsking utover PHS
- Vidareutdanning innan etterforsking. Særleg innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
- Erfaring frå etterforsking av seksuallovbrot og alvorlege valdssaker
- Erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale beslag
- Kurs i datasystem brukt til gjennomgang av beslag
- Anna relevant utdanning/erfaring
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
- Du er strukturert og systematisk i arbeidet ditt
- Høg arbeidskapasitet/gjennomføringsevne
- Du har gode kommunikasjonsevner og flink på relasjonsbygging
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrende og spennende arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- Stillinga vert lønna som etterforskar i Møre og Romsdal politidistrikt, politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 575 400 – kr. 667 700
- Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 509 300 – kr. 565 900
- Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 487 700 – kr. 532 200
- Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Fleksibel arbeidstid
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Ida Rindahl Hamnes, 92 89 64 75
Arbeidsstad
Strandgata 2
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4897678871
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FEFE – Avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Nordmøre og Romsdal, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr: 931442406 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om politidistriktet Organisering av politidistriktet Dette er verdiane våre Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder Om offentleg søkarliste Har du hugsa dette? |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | KRISTIANSUND N (Adresse: Storgata 43 Postnr: 6508) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |