Ergoterapeut – Voss sjukehus, Helse Bergen

Health and social care Ergoterapeut

(4 days ago)

  • VOSS
  •  Post Date: 9. December 2024
  •  Expire date: 20. December 2024
Job Description

Published 09-12-2024
Deadline: 20-12-2024

 

Ergoterapeut

Voss Sjukehus har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut med oppstart frå 01.03.2025, eller etter avtale. 

Me ser etter deg som er klar for ein spennande og aktiv kvardag i spesialisthelsetenesta, og som trivast med varierte og utfordrande oppgåver. 

Om avdelinga
Kirurgisk avdeling har ansvar for all aktivitet innan fagområda  kirurgi og ortopedi, både for døgn-, dag- og poliklinikkpasientar. Kirurgisk avdeling handterer elektiv drift og øyeblikkeleg hjelp, i poliklinikk og på sengepost.  Ved avdelinga er det tilsett ergoterapeut,  fysioterapeutar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, klinisk ernæringsfysiologar, sosionom og merkantilt personale. 

Som ergoterapeut  ved Voss Sjukehus yter du ergoterapitenester til tilviste pasientar innanfor fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi, samt tenester til pasientar på intensiv avdeling.  Ergoterapeut  utfører kartlegging, observasjon og behandling til inneliggande og polikliniske pasientar. Dette i samarbeid med andre yrkesgrupper som er involvert i pasienten. Voss Sjukehus har stor aktivitet innanfor slag og geriatri med etablert poliklinikk der ergoterapeut deltek. 

Om Sjukehuset
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med traumefunksjon. Me har akuttfunksjon innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger. Sjukehuset er del av Helse Bergen, og har tett fagleg samarbeid med avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus. Det er om lag 400 tilsette ved Voss sjukehus.   

Om Voss
Voss er ein god stad å bu. Det er eit godt oppvekstmiljø med godt utbygd barnehage og skuletilbod med to nye vidaregåande skular.  Voss er også  ein attraktiv stad som tiltrekkjer seg folk frå heile verda med sine korte avstandar til kulturarrangement, naturopplevingar og meir ekstreme aktivitetar for store og små gjennom alle årstider. 

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og observasjon av funksjon, vurdering og behandling av pasientar med aktivitetsutfordringar, både inneliggjande og i poliklinikk
  • Kartlegging, observasjon og trening i P-ADL og I-ADL
  • Kartlegging av kognitiv funksjon, finmotorikk/sensibilitet og syn 
  • Førarkortvurdering i samråd med lege 
  • Rettleiing av pasient og pårørande
  • Kartlegging av heimesituasjon inkludert trong for hjelpemiddel
  • Ta del i tverrfagleg samarbeid, også retta mot primærhelsetenesta
  • Ta del i fagleg utviklingsarbeid
  • Undervisning og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonar

Krav om:

  • Norsk autoriasjon som ergoterapeut
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg godt

Ynskje om:

  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta, gjerne frå sjukehus med akutt funksjon og med breidt utval av pasientar
  • God kjennskap til standardiserte skrivebordstestar, observasjon av aktivitet og gjennomføring av funksjonsvurderingar
  • Kunnskap, erfaring og interesse for hjerneslag og geriatri
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er motivert og har interesse for faget
  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og meistrar eit høgt tempo 
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og villig til utvikle fagområdet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og medarbeidarane dine 
  • Du bidreg til eit fagleg og kollegialt godt miljø 

Vi tilbyr

  • Eit ope og godt arbeidsfellesskap med kvalitet  og fag i fokus i eit tverrfagleg miljø
  • Ein spennande og utfordrandes jobb i sjukehus med akuttfunksjon
  • Stort lager av testmateriell for vurdering av kognitiv funksjon og adl funksjon
  • Testkjøkken
  • Dagtidsarbeid
  • Lønn etter gjeldande tariff 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar , 97711192, ranveig.herheim.knapstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4893404536
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss sjukehus, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Ergoterapeut
Sted VOSS (Adresse: Sjukehusvegen 16 Postnr: 5704)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c0acd7f5-2bd8-4d72-9319-4bcb29268c4e
IMPORTAPI