Ergoterapeut, fast 60 % stilling – Surnadal kommune Helse og familie

Health and social care Ergoterapeut

(15 hours ago)

  • SURNADAL
  •  Post Date: 19. September 2024
  •  Expire date: 13. October 2024
Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Ergoterapeut, fast 60 % stilling

HELSE OG FAMLIE

Ergoterapeut i 60% fast stilling

Stillinga kan kombinerast med 40% stilling i turnus ved Heimetenesta.

Om du kan tenkje deg 100% til saman, så skriv gjerne det i søknaden.

Stillinga som ergoterapeut har f.t kontorstad ved Helse og familie og er ledig frå snarast. Einingsleiar er næraste overordna.

 

Ergoterapeuten arbeider for at heimebuande med nedsett funksjonsevne, midlertidig eller varig, skal vere mest mogleg sjølvhjulpne og sjølvstendige i kvardagen i eigen heim og på fritida.

 

Arbeidsoppgåver

Kartlegging av behov for hjelpemiddel og bistand til å søkje om desse (alle aldersgrupper)

Hjelp til tilpassingar i heimen og opplæring i bruk av hjelpemiddel

Råd og rettleiing i tilretteleggingsarbeid i skular/barnehagar, i heimen eller ute på fritidsområde,  slik at tenestemottakar skal kunne delta i størst mogleg grad der det er ønskeleg

Tverrfagleg samarbeid med fysioterapeutar, helsestasjon, heimeteneste,  institusjonar og andre

Dokumentasjon

Tildeling av TT kort iht gjeldande reglar

Vere bindeledd mellom innbyggar og hjelpemiddelsentral for å få riktig/tilpassa hjelpemiddel som gjeld syn og hørsel

 

Krav til kvalifikasjonar

–          Offentleg godkjenning som ergoterapeut

–          Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel

–          Vere oppteken av samhandling med andre og kunne tenkje tverrfagleg i arbeidet

–          Kunne planlegge og strukturere arbeidet

–          Gode ferdigheter i norsk skriftlig og muntlig med tanke på dialog og krav til dokumentasjon

–           Førarkort kl.B

Tilfredsstillande politiattest skal leggast fram før oppstart i stillinga

 

Personlege eigenskapar og fortrinn vi meiner er viktig i stillinga:

Evne til å arbeide sjølvstendig, men òg fungere godt i samarbeid med andre

Du har gode kommunikasjonsevner som er med og skapar tillit og og utviklar gode relasjonar til tenestemottakaran

Du er fagleg engasjert og ynskjer å jobbe tverrfagleg

 

Vi tilbyr

Spanande og varierte arbeidsoppgåver

Samarbeid med andre yrkesgrupper og einingar i tett samarbeid med innbyggjarar i Surnadal kommune

Opplæring vil bli gitt

Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Surnadal kommune Helse og familie orgnr: 974016893
Kort om arbeidsgiver Helse og familie er ei eining som består av tenester som støttekontakt, psykisk helse og rustenester, avlastningstilbod, miljøretta helsevern, skjenkekontroll, helsestasjon, fysioterapitenesta, koordinerande eining, jordmortenesta og folkehelsekoordinator. I hausten 2023 fikk vi Surnadal legesenter med på laget og gleder oss til å arbeide for gode legetenester i Surnadal åra framover og.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Ergoterapeut
Sted SURNADAL (Adresse: Bårdshaugvegen 1 Postnr: 6650)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6892f0dd-73e6-4cab-8e29-c4c52b88b1f2
IMPORTAPI