Ergoterapeut – Bremanger kommune

Health and social care Ergoterapeut

(5 days ago)

  • SVELGEN
  •  Post Date: 2. January 2025
  •  Expire date: 19. January 2025
Job Description

Published 02-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

Ergoterapeut

Bremanger kommune søkjer etter offentleg godkjent ergoterapeut til 100 % stilling fordi vi vil styrke ergoterapiressursen vår. 

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge og vurdere brukarane sitt funksjonsnivå, tilrettelegging og fremje meistring i dagleglivet
  • Rettleie brukarar, pårørande og anna fagpersonell
  • Opplæring, søknader og tilpassing av hjelpemidlar
  • Tilrettelegging og rådgjeving om tilpassing av bustaden og miljø
  • Førebyggande arbeid 
  • Kvardagsrehabilitering 
  • Informasjon og rettleiing om ergonomi og skadeførebygging  
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt 
  • Halde deg fagleg oppdatert 
  • Tilrettelegge, førebygge sjukefråvær og oppfølgjing av sjukmelde i organisasjonen. 

Målgrupper: Personar i alle aldersgrupper og i ulike livssituasjonar 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent ergoterapeut 
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel 
  • Førarkort klasse B 
  • Gode digitale ferdigheiter 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommuniktive ferdigheiter skriftleg og munnleg på norsk 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ 
  • Du er fleksibel og løysingsorientert 
  • Løysingsorientert og fagleg engasjert 
  • Vi legg stor vekt på personleg eignaheit 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statenspensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no- KommunalLandspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
  • Startpakke for nytilsette. Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30.000,- pr år i inntil fem år.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging. Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Anita Brevik, Driftssjef Familie og Helse, 959 82 939
Randi Ytrehus, Kommunalsjef Helse, +47 95988707

Arbeidsstad

Granden 4
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4900473851
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bremanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Ergoterapeut
Sted SVELGEN (Adresse: Granden 4 Postnr: 6723)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f307bccc-4c11-4635-a080-1bd7ca62e408
IMPORTAPI