Job Description

Published 01-01-2025
Deadline: 23-01-2025

 

Er du vår nye sjukepleiarkollega?

Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling? !

Me har nå ledig stilling som sjukepleiar i fast 100% stilling.

Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som består av tre fagfelt, og du kjem til å arbeide innanfor alle områder. I løpet av 2027 gleder vi oss til å flytte inn i splitter nye lokaler, kor endo/infeksjon skal slå seg saman med gastro/nefro og hematologisk blir ei avdeling for seg sjølv, også i nytt bygg. Nytilsette arbeidstakerar må derfor pålage seg å hospitera på vår samarbeidsavdeling gastro/nefro i løpet av perioden fram til 2027.

På vår avdeling tar vi oss av pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin, særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebtennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar. Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga.

Med to fagsjukepleiarar, ein tillitsvald, verneombod, fasilitatorar og kollegastøtte har vi skapt eit robust og kunnskapsrikt fagmiljø som stadig sikrar høg kvalitet i vårt arbeid. Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får lære nye ting å utfordre deg sjøl? Då må du søke hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Utredning, behandling og pleie av pasientar
  • Medikamenthåndtering
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr 
  • Gi god omsorg og oppfølging av pårørande
  • Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette
  • Arbeid i tverrfaglege grupper
  • Samarbeid med kommunar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ønskeleg med erfaring eller vidareutdanning frå kreft, infeksjon, diabetes, sår og/eller psykisk helsevern  
  • Må ha gode IKT-kunnskapar 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. 

Personlege eigenskaper vert vektlagd.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • kan arbeida godt både sjølvstendig og i team
  • bidrar til gode og trygge pasientforløp
  • tilpassar deg lett, er løysningsorientert og fleksibel
  • har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst
  • du kommuniserar godt med pasienter, pårørende og kollegaer
  • har motivasjon og interesse for fagfelta
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Kvifor velje oss

  •  Som nytilsett får du et opplæringsprogram på minimun 2 uker slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt
  • Årsturnus med rom for involvering og god forutsigbarhet
  • Fire kursdager i turnus og jevnlige simuleringstreninger kvart år
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel
  • Forbetringsarbeid og rom for å ta eigarskap til ansvarsområder
  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA)
  • Medlemskap i pensjonordning, 2% pensjontrekk, yrkesskade-, gruppeliv- og tenesteforsikring
  • Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Eilerås Bertelsen , Funksjonsleiar, 916 04 597, elisabeth.eilaras.bertelsen@helse-fonna.no
Elise Hereid Rasmussen, Midlertidig funksjonsleiar, +47 916 04 597, elise.hereid.rasmussen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4884361625
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hemato/endo/infeksjon sengepost, Helse Fonna HF orgnr: 974724774
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f65e4879-10b0-4fd2-95d1-56728a974942
IMPORTAPI