Job Description

Published 04-04-2025
Deadline: 23-04-2025

Er du vår nye sjef for byggprosjekta ved Haukeland?

Er du ein strategisk og engasjert leiar med solid erfaring frå leiing av prosjektleiarar?
Det er Prosjektkontoret som har ansvar for å planlegge, leie og koordinere prosjekt innan bygg, infrastruktur, medisin-teknisk utstyr og tekniske system ved sjukehuset. Dette omfattar både store investeringsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt.

Vi bygger nokre av dei mest komplekse og store byggeprosjekta i regionen
Prosjektkontoret er eit framoverlent prosjektmiljø som har gjennomført store byggeprosjekt. Eksempel på byggeprosjekt dei siste åra er Glasblokkene– vårt nye sjukehus for barn, unge og kvinner med ein kostnad på om lag 5 mrd. kroner. Det er Protonsenteret, eit komplekst bygg med ein kostnad på omlag 1,5 mrd. kr., prosjektet inkluderer ei avansert tunnel- og heisløysing, medisinsk teknisk utstyr, mellom anna installasjon av ein syklotron. Samstundes med dei større byggeprosjekta held vi på med rehabilitering og oppgradering av bygga til heile Haukeland universitetssjukehus. Ei stor oppgåve for sjukehuset dei neste 15 åra vil vere rehabilitering av Sentralblokka med nybygg, rehabilitering og utviding i eit høgspesialisert sjukehus i full drift. Her kan du lese om nokre av prosjekta som prosjektkontoret har byggansvaret for.

Som avdelingssjef er du opptatt av: 
Vidare utvikling av prosjektstyring og teknologi for å møte dei stadig aukande krava innan sjukehusdrift og byggteknologi. Dette inneber også nye teknologiar og metodar, og implementere desse i arbeidet.

  • Kontinuerleg utvikling av heilskapen og framtidsretta løysingar som skapar verdi for brukarar, menneske og samfunn.
  • Å arbeide etter beste praksis og kontinuerleg forbetring i prosjektstyringa. Du er opptatt av å utvikle strategiar for effektive prosjektprosessar og sikre kvalitet i gjennomføringa.
  • At du som leia blir sett på som nysgjerrig, ein som tileignar seg ny kunnskap raskt og som trivs med å dele dette med resten av teamet.

Prosjektkontoret er del av Drift/teknisk divisjon (DTD) som består av fleire ikkje-medisinske avdelingar med om lag 1400 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på to milliardar kroner. Divisjonen har også ansvar for ei omfattande investeringsportefølje. Prosjektkontoret har 36 tilsette, mellom anna ingeniørar, samfunnsvitar, handverksfag, helseutdanna og økonomar.  Det er  ein erfaren og engasjert gjeng, med eit godt samhald.

Som avdelingssjef ved Prosjektkontoret rapporterer du til divisjonsdirektør ved Drift/teknisk divisjon og sit i divisjonen si leiargruppe.   

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle Prosjektkontoret. Bidra til erfaringsoverføring og utvikle ein sterk og samhandlande kultur
  • Sørge for god økonomistyring, rett ressursbruk og fagleg utvikling
  • Utvikle strategiar for effektive prosjektprosessar, sikre kvalitet i gjennomføring og tilpasse prosjekta etter sjukehusets behov og framtidige utfordringar
  • Sørge for utarbeiding av trendar, analyser av problemområde og konsekvensar for framdrift og kostnadar med tilråding om korrigerande tiltak som underlag for avgjerder til leiinga
  • Styrke samhandling og tverrfagleg samarbeid internt og med eksterne aktørar
  • Vidareutvikle avdelingas kompetanse på prosjektstyring og teknologi, for å møte dei stadig aukande krava innan sjukehusdrift og byggteknologi

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør- eller masterutdanning innan bygg, arkitektur eller eigedomsutvikling eller anna relevant utdanning. Solid og relevant realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning på masternivå
  • God og relevant leiarerfaring med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • God kjennskap til og relevant erfaring med prosjektleiarrolla i alle fasane av eit byggeprosjekt med stor kompleksitet.
  • Solid kompetanse innan anbod, forhandlingar og leverandøroppfølging på bygge- og anleggsprosjekt
  • Solid økonomisk forståing, erfaring med investeringar, relevante lovverk og kunnskap om  offentlege anskaffingar
  • God digital kompetanse og erfaring med prosjektstyringsverktøy 
  • Erfaring med, og interesse for berekraftige løysningar innan bygg og eigendom
  • Forståing for og erfaring med ulike entrepriseformer
  • God organisasjonsforståing 

Personlege eigenskapar

  • Tenkjer heilskapleg, er opptatt av gode prosessar og ser samanhengar
  • Trygg og tydeleg leiar som skaper tillit, inspirerer og som engasjerer både tilsette og samarbeidspartnarar
  • Teamorinetert og van med å jobbe i team
  • Arbeider systematisk og har ei strukturert tilnærming til problemløysing
  • Stor gjennomføringsevne, handterer komplekse prosessar og nytter organisatoriske linjer for avgjersler
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Robust med evne til å være både tydeleg, synleg og ivaretakande  
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling ved eit av landets største sjukehus
  • Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte tilsette.
  • Spennande, store og komplekse prosjekt
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tove Huse Bjerkevoll, Rådgjevar leiarrekruttering, 48073834, tove.huse.bjerkevoll@helse-bergen.no
Kari Riis, Konst. direktør Drift/teknisk divisjon, 55974718

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4948507200
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdelingssjef Prosjektkontoret -Drift/teknisk divisjon,  Haukeland universitetssjukehus HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8ab8915e-c3d5-40a4-b594-7b8abcaee72f
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31