Er du vår nye miljørettleiar? – Meling skule

Helse og sosial Miljøarbeidere

(3 weeks ago)

  • BREMNES
  •  Post Date: 14. April 2025
  •  Expire date: 11. May 2025
Job Description

Published 14-04-2025
Deadline: 11-05-2025

Er du vår nye miljørettleiar?

Meling skule har ledig fast stilling som miljørettleiar. Me ser etter deg som vil vere med å styrke det milijøretta arbeidet ved skulen, samt delta i eit felleskap der me jobbar for at elevane skal oppleve respekt, tillit og klare forventningar i eit trygt og motiverande miljø. 

Meling skule er ein barneskule, 1. – 7. og ligg fint plassert i bygda Meling. Skulen har 190 flotte elevar i eit inkluderande læringsmiljø saman med 35 tilsette. Delar av skulen er pussa opp, med SFO base og stort uteområde med lett tilgang til skog, mark og turløype.

Arbeidsoppgåver

Miljøretta arbeid for og med barn med særskilde behov.
Oppfølging av barn, samarbeid med føresette og andre instansar for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Saman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinar.
Delta i rettleiing frå samarbeidande teneste.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. 
Ønskjeleg med relevant erfaring innan miljøarbeid.
Erfaring med åtferds- og samspelvanskar er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

Du er glad i barn og oppteken av å forstå åtferda deira.
Du er ein god relasjonsbyggjar, er trygg og forutsigbar når du blir utfordra.
Du er påliteleg og ansvarsfull.
Du er sjølvstendig, men samarbeidar òg godt med andre.
Du er fleksibel og løysningsorientert.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
     

Andre opplysingar

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor på Meling skule, Katrine Hausberg, 

Kontaktinformasjon

Katrine Hausberg, 958 35 391, Katrine.Hausberg@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Melingsheio 20
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4955891913
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.05.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Meling skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring

Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Webside http://www.bomlo.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted BREMNES (Adresse: Melingsheio 20 Postnr: 5430)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 11-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9b747520-7db1-47f5-b5fe-9a97f2d31232
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31