Er du vår nye medarbeidar? – Suldal kommune Suldal heimeteneste

Health and social care Ergoterapeut

(5 days ago)

  • SAND
  •  Post Date: 17. November 2024
  •  Expire date: 29. November 2024
Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 29-11-2024

 

Er du vår nye medarbeidar?

Me har ledig vikariat som ergoterapeut eller fysioterapeut ved Suldal heimetenest avd. tildelingskontoret. 

  • Stillingsstorleik:  75%
  • Stillingstype:      Vikariat
  • Stilling ledig:  f.o.m. 06.01.2025 t.o.m. 15.10.2025

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i kartlegging, vurdering og søknad om hjelpemidlar
  • Særleg ansvar for hjelpemiddelformidling og kommunalt hjelpemiddellager
  • Ansvar vurdering hjelpetiltak ved nedsatt hørsel-, syn og evne til rørsle
  • Rådgjeving og innbyggjardialog
  • Oppgåver knytt til dagleg drift ved tildelingskontoret
  • Rehabilitering av pasientar i samarbeid med fysio/ergoterapeut avdelinga
  • Samhandling med spesialisthelsetenesta og andre aktørar internt og eksternt.  

Krav til kompetanse:

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning innan fysioterapi eller ergoterapi.
  • Erfaring frå eller interesse for m.a. hjelpemiddelsformidling, støtte til pårørande og anna koordinerande arbeid.
  • Erfaring og kompetanse frå kartlegging og sakshandsaming.
  • Godt munnleg og skriftleg språk 
  • Du må ha førarkort klasse B

Relevant erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli lagt vekt på.

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg tyngde og høg grad av integritet
  • Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre
  • God relasjonskompetanse, lyttande og tilgjengeleg for dei som søkjer tenester og for dei me skal samhandla med.

I Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Suldal heimeteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver Psykisk helse:
Psykisk helse er organisert under Suldal Heimetenester i lag med heimesjukepleie og tildelingskontoret. Psykisk helseteneste gir tilbod til barn, unge og vaksne med psykiske vanskar og livskriser, og til deira pårørande. Tilbodet blir gitt som heimebesøk eller i lokala våre på Bjødnateigen. I psykisk helse jobbar me individuelt, i nettverk og i ulike aktivitetstilbod. Barne- og familieteamet gir tilbod til barn, unge og familiar. Brukarstemma er viktig for oss, og skal stå sentralt i utforminga av tilbodet me gir.

Tildelingskontoret:
Tildelingskontoret for tildeling av helse og omsorgstenester i Suldal kommune ligg organisert under Suldal Heimetenester. Tildelingskontoret fungerer som ei «dør inn» til helse- og omsorgstenesta, med mål om å gi god handsaming og kvalitet til alle som tek kontakt med kommunen for å søkje om helsetenester. Tilsette på tildelingskontorett har god kjennskap til tenestene kommunen tilbyr og er serviceinnstilt. Tenestene blir tildelt etter ei individuell vurdering med fokus på brukarmedverknad, dialog og samhandling.

Suldal Heimetenester:
Heimesjukepleien tilbyr heimebaserte tenester i alle grendene i Suldal kommune, og er organisert i lag med psykisk helse og tildelingskontoret. Me tilbyr helsehjelp i heimen, praktisk bistand, middagsombringing og ulike dagaktivitetstilbod. Suldal Heimetenester tilbyr og kvardagsrehabilitering, førebyggjande heimebesøk og velferdsteknologiske løysingar. Dei tilsette i heimesjukepleien arbeidar sjølvstendig, er fleksible og løysingsorienterte. Me har fokus på å yte tenester av god fagleg kvalitet, der spørsmålet «kva er viktig for deg?» står sentralt i møte med brukarane våre.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Ergoterapeut
Sted SAND (Adresse: Bjødnateigvegen 21 Postnr: 4230)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/79029b9a-db37-4a49-a03a-eccf4e0a7cbb
IMPORTAPI