Er du vår nye kranførar? – Ulstein Verft AS

Construction Maskin- og kranfører

(7 days ago)

  • ULSTEINVIK
  •  Post Date: 19. March 2025
  •  Expire date: 20. April 2025
Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 20-04-2025

Er du vår nye kranførar?

Ulstein Verft søker etter dyktige arbeidarar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar og vil vere ein del av eit spennande og engasjerande miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, og hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver der vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.

Personleg utvikling er viktig for trivsel, så om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.

Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene kan blant anna innebere:

  • Køyring av kran
  • Stilasbygging
  • Intern transport
  • Inn- og utdokking av skip
  • Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Vi er ute etter kranførarar som har sertifikat innan G3  og G4 (Portalkran) .

Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.

    Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass

    Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordnignar og fleksitidsavtale for våre tilsette. 

    I hjartet av Sunnmøre

    Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane

    Kontaktinformasjon

    Anne Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com
    Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, stig_b.slettebakk@ulstein.com

    Arbeidsstad

    Osnesvegen 110
    6065 Ulsteinvik

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

    Referansenr.: 4941826541
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 20.04.2025

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Ulstein Verft AS orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

    Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

    Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

    Webside http://www.ulstein.com
    Bransje Bygg og anlegg
    Yrke Maskin- og kranfører
    Sted ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Privat
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 20-04-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fc80067e-4f06-42ae-b000-d0ff31724649
    IMPORTAPI

    Generic filters
    Exact matches only
    PrevNext
    SuMoTuWeThFrSa
         12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31