Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Er du vår nye kollega? Vi har ei spanande 100% fast stilling ledig som ROP-kontakt i det nye tenesteområdet Helse og omsorg.

Vi ser etter deg som ønskjer å væra med å vidareutvikle tenestene i Helse og omsorg. Du har ei framoverlent holdning og evner å arbeide tverrfagleg. Di kompetanse og ditt faglege engasjement vil væra viktig for oss. I stillinga vil du ha eit utvida ansvar for heimebuande brukarar som har utfordringar knytt til rus og psykisk uhelse. I dette ligg at stillinga vert eit bindeledd mellom heimetenesta og Rus- og psykisk helseteneste, der du vil ha eit aktivt samarbeid med aktuelle fagpersonar rundt brukarane.

Stillinga går inn i ein 2- delt turnus med arbeid 3.kvar helg. Du vil arbeide i heimesjukepleia med ordinære oppgåver, der du ein dag i veka får avsett tid til særskilt oppfylging av brukarar med utfordringar knytt til rus og psykisk uhelse. Du vil ha faste treffpunkt og løpande dialog med Rus- og psykisk helseteneste.

Sentrale arbeidsoppgåver (ikkje uttømmande):

  • Koordinatorrolle og bindeleddsfunksjon

  • Utarbeide kriseplan og tiltaksplan kring kvar einskild brukar

  • Primærkontakt for aktuelle brukarar

  • Ansvar for fagleg rettleiing av kollegaer

  • Oppfølging av personale gjennom blant anna støttesamtalar

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie, men annan 3-årig høgskuleutdanning vert vurdert

  • Vidareutdanning innan rus/psykisk helse er ein fordel, men annan kompetanse og/eller erfaring kan vektleggjast

  • Du beherskar norsk skriftleg og munnleg godt

  • Førarkort klasse B

  • Krav om politiattest ikkje eldre enn tre månadar

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg oppdatert og engasjert

  • Du er løysings- og utviklingsorientert, fleksibel og endringsvillig

  • Strukturert, effektiv og god gjennomføringsevne

  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom å syne arbeidsglede, engasjement og inkludering

  • Lojal, pliktoppfyllande, tolmodig og trygg i rolla di som fagperson

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby:

  • Tenestebil

  • Deltaking i psykososialt kriseteam

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Moglegheit for kompetanseheving

  • Rettleiing frå Rus- og psykisk helseteneste og kommunepsykolog

  • Pensjonsordning via KLP

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

    Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av avdelingsleiar Heimetenesta Pia K. Søberg 46196741

Søknadsfrist 4. november 2024

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren orgnr: 975304442
Kort om arbeidsgiver

Vågå kommune skal frå 01.01.25 samle Heimetenesta og Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/97176093-7bc1-45a6-8213-a24f23f10dcc
Stillingsregistrering