Job Description

Published 05-12-2024
Deadline: 22-12-2024

 

Er du vår nye HMS-rådgjevar?

Vil du jobbe som HMS-rådgjevar i ei kompleks og spennande veksemd med eit meiningsfylt samfunnsoppdrag? 

I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som HMS-rådgjevar SKO 1434 ved Seksjon for HMS.  For spesielt kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere tilsetjing i stilling som seniorrådgjevar SKO 1364.

Seksjon for HMS er ein del av Stab for HR og HMS som er ein strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hans leiargruppe i Vest politidistrikt. 

Vi ser etter deg som vil bidra til god fagleg kvalitet i møte med leiarar og medarbeidarar i Vest politidistrikt og som evner å sette deg raskt inn i verksemda sine behov. Arbeidskvardagen er innholdsrik og variert og består av ein kombinasjon av teamarbeid og sjølvstendig arbeid. Hos oss får du moglegheit til å jobbe breitt innan HMS-faget. Du vil veksle mellom å arbeide strategisk og langsiktig, og å løyse oppdukkende arbeidsoppgåver.

Seksjonen vår held til i lyse og trivelege lokale i Aasegården i Bergen sentrum.  Me sit i ope kontorlandskap saman med dei gode kollegaene våre i Seksjon for HR.

Ditt engasjement, kompetanse og erfaring vil bidra til at politiet løyser samfunnsoppdraget sitt. Vil du vere med oss på laget?

Arbeidsoppgåver

  • Rådgiving og saksbehandling innanfor alle typar HMS-spørsmål
  • Systematisk kartlegging, planlegging, gjennomføring og evaluering av forbetringstiltak innan HMS
  • Gi opplæring og rettleiing til leiarar, verneombod og andre med roller og oppgåver knytt til HMS-prosessar
  • Bistå med å kartleggje og vurdere risiko og følgje opp avvik
  • Samarbeid med bedriftshelsetenesta og bestilling/oppfølging av tenester
  • Bidra til kompetanseutvikling innan fagfeltet
  • Rådgiving knytt til utvikling av psykososialt arbeidsmiljø
  • Oppgåver knytt til oppfølgjing av stoffkartotek og HMS-samordning
  • Andre oppgåver pålagt av overordna  

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Relevant mastergrad eller relevant utdanning på bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
  •  For stilling som seniorrådgjevar er det krav om relevant mastergrad eller tilsvarande og
     minimum 5 års arbeidserfaring innan relevant fagfelt
  • God kunnskap om regelverket innan HMS
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
  • God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Ønskjeleg:

  • Erfaring frå HMS-arbeid, gjerne i større verksemder
  • Tilleggsutdanning innan HMS er ein fordel 

Personlege eigenskapar

Vi trenger deg som:

  • Tar eierskap til oppgåvene og sørgjer for at dei blir gjennomført med høg kvalitet
  • Har ein systematisk og strukturert arbeidsmetodikk, med sans for å bidra til at HMS-kunnskap blir omsett til praktisk handling ute i organisasjonen
  • Kan jobbe sjølvstendig og proaktivt i ein dynamisk og tidvis hektisk arbeidskvardag
  • Gode ferdigheiter innan samarbeid, kommunikasjon og rettleiing
  • Er tilpasningsdyktig med evne til å setje deg raskt inn i problemstillingar, er fleksibel og løysingsorientert

Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre  etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

 

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil være med på å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som rådgjevar (stillingskode 1434), frå  kr 667.700,- eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364), frå kr 696.500,- . Vidare lønnsutvikling . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til
    hovudtariffavtalane i staten. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna  gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)

 

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvaliserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.di.no/positivsaerbehandling.
Opplysingar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr: 24/270088

Kontaktinformasjon

Kristine Lønningen, Seksjonsleiar, 90 14 09 77
For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Arbeidssted

Vestre Strømkaien 7
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4887951668
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SHR/HMS-Seksjon for HMS, Vest politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse- og miljørådgivere
Sted BERGEN (Adresse: Vestre Strømkaien 7 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/33a00adf-4465-455e-b105-9d84ed7cf777
IMPORTAPI