Er du vår nye bioingeniør? – Laboratoriet, Stord sjukehus

Health and social care Bioingeniør

(5 days ago)

  • STORD
  •  Post Date: 18. September 2024
  •  Expire date: 6. October 2024
Job Description

Published 18-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Er du vår nye bioingeniør?

Vil du jobbe i eit positivt, inkluderande miljø, med fagleg dyktige og hyggelige medarbeidarar?

Vi styrkar no bemanninga vår og håpar at DU vil søkje.

Oppstartdato desember 2024 eller etter avtale. Stillinga inngår i rotasjon med 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.

Laboratoriet Stord er ein del av Avdeling for Laboratoriemedisin, som eit av seks laboratorier i Helse Fonna. Vi
er eit akkreditert laboratorium med døgnkontinuerlig drift og utfører
analysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi og transfusjonsmedisin. 

Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og har aktivitetar for barn og vaksne innan ei
heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt
utbygd skuletilbud. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen og
til Stavanger. Det er også flyplass på Stord med kommunikasjon til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Vedlikehald av analysemaskinane våre
  • Tapping av blodgivarar
  • Blodprøvetaking
  • Bidra til faglig utvikling
  • Inngå i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Du beherskar norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring innen laboratoriearbeid vil vera ein fordel

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert, ansvarsbevisst og har gode samarbeidsevner
  • har høg arbeidsmoral og sterkt fagleg engasjement
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande miljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar
  • Varierende arbeidsoppgåver
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Pedersen, Funksjonsleiar – Laboratoriet Stord, +47 45661893

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4856456451
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratoriet, Stord sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e108eb7e-1051-4c93-bf9b-d56528b823e8
IMPORTAPI