Job Description

Published 02-04-2025
Deadline: 16-05-2025

Er du vår nye bioingeniør frå sommaren/hausten 2025?

Vil du bli ein del av vårt team innan medisinsk biokjemi?

Vi har no to faste stillingar ledige og ser etter deg som ønskjer ein spennande og variert arbeidskvardag. Hos oss får du jobbe med fagområde som:

  • Klinisk kjemi
  • Hematologi og koagulasjon
  • Allergi og elektroforese
  • Prøvehandsaming, pasientnære analysar og prøvetaking

Hos oss får du arbeide med topp moderne utstyr og eit heilautomatisert bandsystem som gir deg ein effektiv og spennande kvardag. Du får arbeide i eit nyoppført sjukehusmiljø med lyse, trivelege lokale – og panoramautsikt over vakre Smedasundet.

Kva kan du forvente?

  • Turnusarbeid på 35,5 timar i veka
  • Arbeid omtrent kvar fjerde helg etter fullført opplæring
  • Nært samarbeid i eit tverrfagleg miljø, som skapar ein engasjerande arbeidskvardag
  • Ein avdeling som er akkreditert etter ISO 15189 – din garanti for kvalitet og kompetanse

👉 Søk no!

Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato. Ta kontakt med Benedikthe om du har spørsmål!
Det er òg ledige vikariat som varer over lengre periodar. Ver venleg og nemn i søknaden din om dette er av interesse. Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.

Arbeidsoppgåver

Rutinedrift på ulike fagområder som:

  • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
  • Hematologi og koagulasjon
  • Klinisk kjemi/immunokjemi
  • Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
  • Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasientar

På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og ein helsesekretær. Då vil oppgåvene ovanfor variere

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg 
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
  • trivst i eit aktivt miljø
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er serviceinnstilit
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har høg arbeidsmoral 

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4947902790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.05.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk biokjemi, Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2ff97a8-b1be-439b-89a7-9e347b060cf1
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31