Er du vår nye barnehagestyrar i Lom kommune? – Lom kommune
Utdanning Ledere av omsorgstjenetser for barn(2 weeks ago)
Job Description
Published 11-04-2025
Deadline: 11-05-2025
Er du vår nye barnehagestyrar i Lom kommune?
Vil du bli styrar i ein gjestfri og nyskapande kommune?
Lom kommune har behov for ein utviklingsorientert og dyktig styrar i Garmo barnehage med vilje og evne til å arbeide for å nå kommunen sine felles mål og satsingsområde.
Det er to kommunale barnehagar i Lom: Loar og Garmo barnehage. Desse har eit tett samarbeid kring pedagogisk utviklingsarbeid og drift av barnehagane.
Det er frå august 2025 ledig 100 % stilling som styrar i Garmo barnehage.
Barnehagen har frå hausten 3 avdelingar med 34 born og 10 tilsette. Minimum 60 % av stillinga er pårekna administrasjon.
Barnehagen held til i tidlegare Garmo skule, og har store lokale med mellom anna gymsal. Uteområdet er stort og variert og inneheld område med leikeapparat, fotballbane, akebakke og eit natur/skogområde med gapahuk. Barnehagen ligg skjerma for trafikk.
Vi ynskjer ein person som kan vere med å utvikle framtidas barnehage i Lom.
Arbeidsoppgåver/ansvar:
-
Leie og vidareutvikle barnehagen pedagogisk, personalmessig og administrativt.
-
Rekruttering.
-
Forvalte personal- og budsjettressursar i samsvar med gjevne fullmakter.
-
Sikre at internkontroll, HMS-arbeid og bruk av kvalitetssystem er i tråd med overordna føringar og mål.
-
Økonomioppfølging.
-
Overordna ansvar for forsvarleg dagleg drift.
-
Sikre eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.
Kvalifikasjonar:
-
Krav om utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant universitets- eller høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
-
Gyldig politiattest må foreligge før tilsetting.
-
Det er ynskjeleg med god skriftleg og munnleg framstillingsevne – kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
-
Relevant leiarerfaring er ynskjeleg.
-
Erfaring med utviklings- og endringsarbeid i barnehage.
-
Fullført barnehagestyrarutdanning er ynskjeleg.
-
God økonomiforståing.
Personlege eigenskapar:
-
Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje opp kvalitet i tenesta.
-
Evne til samarbeid.
-
Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og med gjennomføringskraft.
-
Evne til å skape visjonar og gje retning.
-
Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie og inspirere medarbeidarar.
-
Fleksibel og løysingsorientert.
Vi kan tilby:
-
Spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse.
-
Støttefunksjonar innan personale, økonomi og IT.
-
Løn etter avtale.
-
Godt samarbeidsklima.
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med:
Styrar Loar: Magnhild Beate Galde, 46921394, magnhild.beate.galde@lom.kommune.no
Tenesteleiar oppvekst: Pål Bertil Eide, 90960740, pal.bertil.eide@lom.kommune.no
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Politiattest vil bli kravd. Lom kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.
Elektronisk søknad på: www.lom.kommune.no
Søknadsfrist: 11.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Lom kommune orgnr: 975303314 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ynskjer du å bu og arbeide midt i vill natur og høge fjell, med tur-, jakt- og fiskemoglegheiter rett utanfor døra? Likar du frisk luft og god plass? Vil du jobbe ein dag, og gå opp på Galdhøpiggen den neste? Då er Lom kommune staden for deg! Kom til Lom for å bu og arbeide i ei kommune med fokus på moglegheiter, utvikling og inkludering. Kom til oss! |
Webside | https://www.lom.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Ledere av omsorgstjenetser for barn |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 11-05-2025 |