Er du systemforvaltaren me ser etter? – Voss herad IT og digitalisering

IT Drift, vedlikehold

(21 hours ago)

  • VOSS
  •  Post Date: 1. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Er du systemforvaltaren me ser etter?

Er du systemforvaltaren me ser etter?

Voss herad er, og vil alltid vera, i kontinuerleg endring. Dette skuldast både interne forhold som til dømes organisering, arbeidsprosessar, IKT system og løysingar, men og grunna eksterne faktorar som lovverk, ny teknologi, krav og forventningar frå innbyggjarane, mm. Dei eksterne faktorane kan me ikkje påverka i noko særleg grad, men det er viktig at me har ein god kontroll og kvalitet på det me gjer internt.

IKT området er ein sentral og integrert del av dei interne forholda og har stor påverknad på korleis me utfører oppgåvene våre. Det er også eit svært komplekst område å forvalte, noko som krev gode og tydelege prosessar knytt til både anskaffing, drift, vedlikehald, utvikling, endring og avvikling. Det er også naudsynt å ha ei god oversikt på kven som har ansvaret for dei ulike områda for å sikre at me har ei trygg, stabil og føreseieleg forvalting av IKT området.

Er du ein person som tykkjer det kunne vore interessant å

  • Vera ein rådgjevar i spørsmål rundt forvaltning
  • Vera ein rådgjevar og sparringspartnar i innkjøp av nye løysingar, etter behov
  • Vera ein rådgjevar i ulike delar av digitaliseringsprosessen
  • Vera ein rådgjevar i ulike IT-prosjekt
  • Vera ein rådgjevar innan beredskap på IKT området

Då ynskjer me ein prat med deg!

Som systemforvaltar vil du rapportera til leiar for IT, men du vil heile tida samarbeida tett med alle dei ulike kommunalavdelingane.

Kven er du

  • Er du som søkjer denne stillinga løysingsorientert, strukturert og trivst med stor grad av autonomi og sjølvstende?
  • Er du nøyaktig, ryddig og har ein prosessorientert tilnærming til oppgåvene?
  • Er du positiv, open, serviceinnstilt og fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner som dannar godt grunnlag for gode tverrfaglege samarbeid med ulike nivå?
  • Har du høg etisk standard og eit solid moralsk kompass?

Kvalifikasjonar og eigenskapar me ser etter

  • Bachelorgrad eller høgare – men om du har relevant erfaring frå tilsvarande arbeid kan me sjå vekk frå kravet til formell kompetanse.
  • Brei digital kompetanse
  • Erfaring frå arbeid med system- og applikasjonsforvaltning og/eller offentlege anskaffingar og implementeringar av små og store system.

Kva kan me tilby deg

  • Spanande oppgåver i eit dynamisk og tverrfagleg miljø med gode utviklings moglegheiter.
  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø der kvar arbeidstakar har moglegheiter til fagleg og personleg utvikling.
  • Leiar som er opptekne av myndiggjorte medarbeidarar, og som har fokus på kontinuerleg utvikling og forbetring av både medarbeidarar og arbeidsprosessar gjennom bruken av LEAN.
  • Triveleg arbeidslokale sentralt på Vangen.
  • Me har fleksitidsordning, og svært gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter kommunale avtaleverk.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad IT og digitalisering orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje IT
Yrke Drift, vedlikehold
Sted VOSS (Adresse: Voss Tinghus Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/010e83d7-ce42-459a-ae4a-0acd67bcb664
IMPORTAPI